Gladys Louise Smith () var ein kanadisk-amerikansk skodespelar, filmprodusent og manusforfattar kjend under kunstnarnamnet Mary Pickford.

Pickford grunnla filmselskapet United Artists i 1919, saman med Douglas Fairbanks, Charlie Chaplin og D.W. Griffith. Ho var gift med Fairbanks frå 1920 til 1936. I 1927 var Pickford òg med på å grunnleggja Academy of Motion Picture Arts and Sciences, som står bak oscarprisutdelinga.

Pickford vann Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolletolkinga si i dramafilmen Coquette (1929). Ho trekte seg tilbake som skodespelar i 1933. Pickford fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 1960 og vart tildelt ein æresoscar i 1976. I 1999 vart ho kåra til den 24. største kvinnelege filmlegenda gjennom tidene av Det amerikanske filminstituttet.

venstre|mini|Det amerikanske filmstjerneparet Douglas Fairbanks (til venstre) og Mary Pickford i Oslo sommaren 1924.

I stordomstida si var Pickford kjend som «America's Sweetheart» og «the girl with the curls». Pickford var kjend for dei lange slangekrøllane sine, men i 1928 følgde ho moten og klippa dei av, noko som fekk amerikanske aviser til å skriva at uskuldstida var forbi. Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mary Pickford» frå , den 20. september 2018.

Kategori:Kanadiske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:Folk frå Toronto Kategori:Filmkodespelarar frå 1900-talet