David Michael Davis () er ein britisk konservativ politikar fødd i York. Han var minister for den britiske uttredinga frå EU (Brexit) frå 13. juli 2016 til 8. juli 2018.
Medlem av Underhuset I 1987 vart Davis medlem av Underhuset for Boothferry-kretsen i Yorkshire og Humber. I 1997 vart kretsen delt i fleire mindre kretsar, og Davis heldt fram som underhusmedlem for ein av dei nye kretsane (Haltemprice og Howden i Humberside i East Riding of Yorkshire).
Europaminister i 1994–1997 Davis var viseminister for EU-tilhøve (Minister of State for Europe) i 1994–1997. Som europaminister var han underlagt utanriksministrane Douglas Hurd og Malcolm Rifkind.
I byrjinga av 1997 vart Davis medlem av statsrådet.
Partiformann Davis var formann for det britiske konservative partiet i 2001–2002. På denne posten vart han etterfølgd av den seinare statsministeren Theresa May, som var den organisatoriske formannen til partiet i 2002–2003.
Minister for Brexit frå 2016 Den 13. juli 2016 vart Davis medlem av Theresa May si regjering. Her fekk han den nyoppretta post som minister for Brexit. Han trekte seg 8. juli 2018 i motstand mot May sine Brexit-planar. Seinare trekte også Steve Baker og den neste statsministeren Boris Johnson seg frå regjeringa.
Prisar og utmerkingar Daivs vart utnemnd til Knight Commander of the Order of the Bath (KCB) i 2023 for samfunns- og politiske tenester.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «David Davis (britisk politiker)» frå , den 21. september 2018.
Kategori:Britiske ministrar Kategori:Britiske parlamentsmedlemmer Kategori:Folk frå York