Ragnar Kvam jr. () er ein norsk forfattar, globetrotter og journalist frå Kvinesdal.

Kvam er utdanna cand.philol. med hovedfag i historie ved Universitetet i Oslo. Han har arbeidd som journalist i Dagbladet. I 1987 selde Kvam alt han åtte, kjøpte ein 37 fot sin seglbåt (Bostrøm 37) med namn «Northern Quest» og la ut på ein omfattande jordomsegling. I dei tre reiseskildringane Oppbrudd, Havet har meg nå og En sjøreise til Sibir skriv han ope og personleg om dei ulike etappane frå denne reisa. Siste etappane reiste han saman med ektefellen sin, Sidsel Wold.

Kvam si bok om polfararen Hjalmar Johansen kasta eit heilt nytt lys over omstenda rundt Hjalmar Johansen sin konflikt med Roald Amundsen under sørpolferda. I Straffa skriv han om den norske straffangen Knud Bull, komponisten Ole Bull sin ukjende bror som vart dømt for falskmynteri i London og deportert til Australia. I boka si De fire store er Kvam tilbake til polarheltane. Her fortel han om Nansen, Amundsen, Shackleton og Scott, og kva som kjenneteiknar leiaråtferda deira.

Kvam fekk oppdraget med å skriva biografien om Thor Heyerdahl. Biografien er delt i tre bind. Første bind vart utgjeve i 2005 og anna bind i 2008. Tredje bind og siste bind kom i 2013.

Bibliografi

Den billige arbeidskraften. Fremmedarbeidere i Norge og EEC – Pax 1971. DNA mot splittelse. Da venstrefløyen ble ekskludert og SF stiftet – Cappelen 1973 De farlige jobbene (medforfatter Fritz Nilsen) – Pax 1975 Oppbrudd. Beretningen om en lang sjøreise med Northern Quest – Scanbok 1990 Havet har meg nå – Scanbok 1992 Jakten (medforfattar Ola Thune) – Gyldendal 1993 En sjøreise til Sibir – Gyldendal 1996 Den tredje mann. Beretningen om Hjalmar Johansen – Gyldendal 1997 Straffen – Gyldendal 1999 De fire store – Gyldendal 2000 I hodet på en seiler – Gyldendal 2001 Thor Heyerdahl. Mannen og havet. Bind I. – (2005) Thor Heyerdahl. Mannen og verden Bind II – (2008) Intet er så rommelig som havet Illustrert av Didrik Hvoslef-Eide (2009) Thor Heyerdahl. Mannen og mytene Bind III – (2013)

Prisar og utmerkingar

Riksmålsforbundets litteraturpris 2013

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ragnar Kvam jr.» frå , den 22. september 2018.

Kategori:Journalistar i Dagbladet Kategori:Norske forfattarar av reiseskildringar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Kvinesdal