Frode Elmar Thore Nilsen () var ein norsk diplomat og ambassadør.Nekrolog i Aftenposten 6. juli 2016 Han er særleg kjent for sit mangeårige arbeid for menneskerettar og for å bistå politiske flyktningar i Chile.Reginald Norby
Han var son av skipsførar Thor Marinius Nilsen (1887–1969) og Elma Maria Pedersen (1891–1925). Med familien flytta han til Tinn i Telemark i 1928 og tok examen artium i 1943 og slutta seg til det lokale Milorg på Rjukan. Etter cand.mag.-eksamen i 1950 tok han mastergraden i statsvitskap ved University of Kansas. Han returnerte deretter til Oslo og tok Utanriksdepartementets aspirantkurs året etter.
Posteringar
1952–1954 attaché ved den norske ambassaden i Kairo i Egypt 1957–1959 ambassadesekretær ved den norske ambassaden i Bonn i Vest-Tyskland 1959–1962 ambassadesekretær ved den norske ambassaden i Madrid i Spania 1965–1972 ambassaderåd/skipsfartsråd ved den norske ambassaden i Washington i USA 1972–1973 byråsjef i skipsfartskontoret/handelspolitisk avdeling i UD 1973–1975 ambassaderåd ved den norske ambassaden i Santiago i Chile, med ansvar for flyktningespørsmål etter miliærkuppet den 11. september 1973. Det var utanriksminister Knut Frydenlund som 1. november 1973 sende Nilsen til ambassaden i Santiago utstyrt med vide fullmakter som innebar at han skulle ha det avgjerande ordet i flyktningespørsmål ved ambassaden. 1975–1982 ambassadør ved den norske ambassaden i Santiago 1982–1987 ambassadør til dei karibiske landa og regionalrådgjevar for Latin-Amerika, stasjonert i Oslo 1987–1988 ambassadør ved den norske ambassaden i Caracas i Venezuela 1988–1992 ambassadør ved den norske ambassaden i Santiago
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Frode Nilsen» frå , den 22. september 2018.
Kategori:Deltakarmedaljen Kategori:Norske ambassadørar Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Norske diplomatar Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Folk frå Tinn