«I Thank You» er ein song skriven av David Porter og Isaac Hayes og opphavleg spelt inn av Sam & Dave tidleg i 1968. Singelen var den siste Sam & Dave gav ut på Stax Records, og han nådde niandeplassen på Billboard Pop Singles-lista og fjerdeplassen på R&B chart. Kort tid etter utgjevinga reiv Stax seg laus frå distribusjonsavtalen med Atlantic Records og Sam & Dave, som i røynda hadde kontrakt med Atlantic og vart lånt ut til Stax, byrja å spele inn musikk for sjølve Atlantic.Bowman, Rob (1997). Soulsville U.S.A.: The Story of Stax Records. New York: Schirmer Trade. . Pg. 138-142

ZZ Top spelte inn songen i 1979 på albumet deira Degüello. Bandet gav ut songen på singel året etter. Som oiginalen gjekk han inn på salslista og nådde 34. plassen. Det vart den andre topp 40-hitten til bandet (etter «Tush» fire år tidlegare).

Andre versjonar Bonnie Raitt spelte inn songen på albumet hennar The Glow i 1979. Phil Vassar gav ut ein countryversjon i 2002 på albumet Sharp Dressed Men: A Tribute to ZZ Top. John Farnham gav ut ein versjon på albumet sitt 33⅓. Paul Shaffer og the CBS Orchestra spelte ofte denne songen i reklamepausane på Late Show with David Letterman. Det australske bandet The Casanovas spelte inn ein versjon for det andre albumet deira All Night Long. I april 2009 gav Tower of Power ut Great American Soulbook med ein versjon av «I Thank You» med Tom Jones på gjestevokal. Bon Jovi spelte inn songen og gav han ut på spesialutgåva til These Days. Paul Rodgers spelte inn ein versjon i 2014 på The Royal Sessions. Robert Randolph and the Family Band gav ut songen i 2017 på albumet Got Soul med hjelp av Cory Henry. Tom Jones spelte inn songen i 1970 på albumet sitt Tom.

Salslister Liste (1968) Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Thank You (Sam & Dave song)» frå , den 30. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Songar skrivne av Isaac Hayes Kategori:Songar skrivne av David Porter Kategori:Soul-songar Kategori:Sam & Dave-songar Kategori:ZZ Top-songar Kategori:Stax Records-singlar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Phil Vassar-songar Kategori:John Farnham-songar Kategori:Bonnie Raitt-songar Kategori:Tower of Power-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Bon Jovi-songar Kategori:Paul Rodgers-songar