«Ice in the Sun» er ein song av Status Quo. Songen vart spelt inn i 1968 og kom ut på albumet Picturesque Matchstickable Messages from The Status Quo i august det året.

«Ice in the Sun» vart gjeven ut på singel i Storbritannia i august 1968. Songen er skriven av Marty Wilde og Ronnie Scott (ikkje den kjende jazzmusikaren) og var produsert av John Schroeder. Songen var den andre hitsingelen til Status Quo.

Songen nådde åttandeplassen på UK Singles Chart, og låg tolv veker inne på lista, og nådde 29. plassen på den kanadiske RPM-lista. I USA nådde songen 70. plassen på Billboard Hot 100 og vart den siste singelen deira på lista der.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ice in the Sun» frå , den 2. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Status Quo-songar Kategori:Songar skrivne av Marty Wilde Kategori:Songar skrivne av Ronnie Scott Kategori:Songar produserte av John Schroeder