Arne Austeen () var ein norsk offiser og jagerflygar under andre verdskrigen. Austeen fekk utdanninga si ved Hærens Flygeskole, og ved Little Norway i Canada. Han flaug blant anna Spitfire ved 64 skvadron, 611 skvadron og var skvadronsjef for norske 331 skvadron i 1943-1944. Han vart drepen under eit angrep på marinebåter i Flensburgerfjorden berre få dagar før krigen slutta.
Utmerkingar For krigsinnsatsen sin vart Austeen tildelt St. Olavsmedaljen med ekegren, Krigsmedaljen og Haakon VIIs 70-årsmedalje, og dessutan britiske Distinguished Flying Cross.Missing in action – The story about Arne Austeen , Spitfire Pilots, besøkt 03.12.2011
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arne Austeen» frå , den 3. oktober 2018.
Referansar
Litteratur
Kategori:Haakon VIIs 70-årsmedalje Kategori:Norske flygarar frå andre verdskrigen Kategori:St. Olavsmedaljen med eikegrein