Rockin' All Over the World er det tiande studioalbumet det britiske bandet Status Quo. Det var det første albumet deira som vart produsert av Pip Williams og det første med Andy Bown som fast bidragsytar til bandet. Han vart seinare offisielt medlem i 1982. Albumet kom ut i november 1977 og nådde femteplassen på den britiske albumlista.

Både gitaristen og songaren Francis Rossi og bassisten Alan Lancaster mislikte produksjonen på albumet, som vart glattare og meir poporientert enn tidlegare, medan gitaristen Rick Parfitt likte det.

Tittelsporet, som vart skriven og først spelt inn av John Fogerty, kom ut på singel i september 1977 og nådde tredjeplassen i Storbritannia. B-sida var «Ring of a Change» frå det førre albumet deira. Det vart ikkje gjeve ut andre singlar frå albumet, men «Can't Give You More» vart spelt inn på ny i 1991 for albumet Rock 'Til You Drop og gjeven ut som singel då, med ein 37. plass på singellista.

Albumet kom ut på Mercury i 2005 med eitt bonusspor: ein versjon av Beatles sin «Getting Better», som først vart spelt inn i 1976 for filmen All This and World War II. Dette sporet vart derimot ikkje med på luksusutgåva av albumet som kom seint i 2015. For denne utgåva vart heile albumet miksa på ny og omorganisert av den orginale lydteknikaren John Eden.

Innhald

Medverkande Francis Rossi – gitar, vokal Rick Parfitt – gitar, vokal Alan Lancaster – bass, vokal John Coghlan – trommer

Andre medverkande Andy Bown – klaverinstrument, korvokal Frank Ricotti - perkusjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rockin' All Over the World» frå , den 4. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Status Quo-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Capitol Records-album Kategori:Vertigo Records-album