Knut Greve ()Folketeljing 1910 for 0218 Aker herred, arkivverket.no var ein norsk kunsthistorikar, museumspedagog, journalist og forfattar.
Liv og virke
Knut Greve var fødd i København som son av tekstilkunstnaren Ulrikke Eleonore Sigwardt Greve (1868–1951) frå slekta Greve. Han var gift med kunsthistorikaren Eli Ingebretsen (1896–1949).
I 1929 tok han magistergraden i historie på avhandlinga Bergverksdriften i Norge før 1621, med kunsthistorie og arkeologi som støttefag. Han hadde òg studium i Tyskland bak seg, og hadde museumspraksis frå Kunstindustrimuseet i Oslo og journalistisk røynsle frå avisa Tidens Tegn. I 1930 vart han tilsett som museumslektor ved Norsk Folkemuseum, og vart med det den fyrste museumspedagogen i Noreg.
Greve vart berre verande i stillinga som museumslektor i tre år, men nådde mykje i løpet av den korte tida. Han heldt foredrag i skolekringkastingen, og foredrag for studiesirklar og arbeidarungdomslag. Berre det fyrste året hadde han hadde kurs for 205 lærarar og omvisning for 2 804 elevar. Han utvikla eit tilbod til ungdomslag som fekk omvising på museet ved lektoren, kaffi og mat på restauranten og dans etterpå på Festplassen.
Same år som han byrja i sin stilling ved Folkemuseet, vart Greve formann for Østkantutstillingen, ein institusjon grunnlagt i 1923. Initiativtaker var bustadsinspektør Nanna Broch, og Knut Greves mor Ulrikke var frå starten av ein viktig støttespelar. Knut Greve representerte eit radikalt element ved Østkantutstillingen, eit av hans foredrag på ein «mandags-kveldane» ved utstillinga hadde tittelen Hvorfor er arbeidarklassen så konservativ. Samstundes var han eksponent for ein borgarleg kulturell kompetanse.
I 1930 publiserte Østkantutstillingen Greves fyrste bok, Små hjem og deres innredning. Boka var eit resultat av diskusjonane på «mandags-kveldane» ved Østkantutstillingen og var meint som ei hjelp og ei innleiing til diskusjon om innreiing av små, moderne byheimar – eit friskt utspel frå ein ung mann som ikkje enno hadde flytta heimefrå, men enno budde hos mor i Parkveien 68. Greve innleier boka med eit kapittel om historia til møblane. Her ynskjer han som han skriv, «å komme bort fra den almindelige kunst-historiske betraktningsmåte og i stedet se hjemmenes utvikling fra et socialt, kulturhistorisk synspunkt.» Han prøver her å kombinera ei stilhistorisk framstilling med eit klasseperspektiv – stilhistoria vart ei avspegling av endringar i maktforholda i samfunnet.
Til trass for den viktige rolla si i arbeidet for nyttekunst og bustadssak, bestod den skriftlege produksjonen til Greve først og fremst av mindre tidsskriftartiklar i blad som Nyttekunst, Vi selv og Våre hjem og Bonytt, og han forfatta få større arbeid i løpet av tida si som skribent. I perioden 1938-43 var han biletredaktør for verket Norsk kulturhistorie, redigert av Anders Bugge og [Sverre Steen]], han bidrog òg med nokre kapittel av sosialhistorisk karakter: «Vaterland», «Arbeiderne og den nye industrien», «Fra borgerskap til middelstand» og «Arbeiderne i dag». I 1943 gav han ut ei ny bok om heimeinnreiing – Et hjem blir til – og same året skreiv han kapittelet «Kultur og tradisjon i norsk bruks-kunst», i Bygg og bo. Boken om det moderne hjemmet (Amundsen & Bøgh 1943). Ut over detta skrev Knut Greve berre nokon jubileumsskrift.
I 1932, medan han enno var lektor ved Folkemuseet, vart Greve tilsett som sekretær for Foreningen Brukskunst, ei stilling han hadde i ti år. I perioden 1931–34 var han òg redaktør for tidsskriftet Brukskunst. Frå 1946-48 var han formann i Oslo-foreningen, og frå 1948 til 1950 var han president i Foreningen Brukskunst. Han var i ei årrekkje medlem av redaksjonsrådet for Vi selv og våre hjem og seinare medarbeidar i Bonytt. Då han døydde i 1953 var han tilsett som medredaktør i Verdens Gang.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Knut Greve» frå , den 5. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff
Østkantutstillingen om bustad og helse, Riksarkivet
Litteratur Bing, Morten 2001: Østkanthjemmene og Østkantutstillingen. Brochmann, Odd 1987: Rent bord. En historie om funksjonalismen og funksjonalistene i Norge. Utgitt av Arkitektnytt. Oslo Greve, Knut 1930: Små hjem og deres innredning. Utgitt av Østkantutstillingen.Oslo. Greve, Knut 1932: Funksjonalisme og funkis. Brukskunst 1932:5. Greve, Knut 1943: Et hjem blir til. F. Bruns Bokhandels Forlag. Trondheim Greve, Knut 1943: Kultur og tradisjon i norsk bruks¬kunst. I Amundsen & Bøgh: Bygg og bo. Boken om det moderne hjemmet. Sundt & co. Bergen Norsk Folkemuseum. Aarsberetning 1929-30 Norsk Folkemuseum. Aarsberetning 1930-31 Studentene fra 1922. Biografiske opplysninger og statistikk samlet til 25-års-jubileet 1947. Redigert av Peter Kleppa. Bokkomitéen for studentene fra 1922. Oslo. 1951.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske kunsthistorikarar Kategori:Norske museumsfolk