Australian National Airways var eit australsk flyselskap som var verksamt frå 1930 til 1931.
Selskapet vart grunnlagt i 1929 av Charles Kingsford Smith og Charles Ulm. Det byrja operera i januar 1930. Ved oppstarten vart det skaffa fem Avro 618 Ten, tre-motors fly tilsvarande Kingsford Smith sitt kjende «Southern Cross». Selskapet starta med flygingar på rutene Sydney-Brisbane og Sydney–Melbourne.
Allereie etter eit års drift måtte selskapet avviklast. I løpet av den korte tida hadde to av flya havarert, begge i 1931, eit i mars 1931 i Britisk Malaysia og eit anna i november 1931 i Dei australske alpane.
Flåte
VH-UMF «Southern Cloud» (havarert mars 1931) VH-UMG «Southern Star» VH-UMH «Southern Sky» VH-UMI «Southern Moon» VH-UNA «Southern Sun» (havarert november 1931)
Då selskapet vart oppløyst vart «Southern Moon» kjøpt av Ulm som modifiserte flyet for langdistanseflygingar. Dei to andre vart selde til eit anna australsk selskap.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Australian National Airways» frå , den 5. oktober 2018.
Kategori:Tidlegare flyselskap Kategori:Australske føretak Kategori:Skipingar i 1929 Kategori:Nedleggingar i 1931