mini|Kontorbygget
Udenrigsministeriet er eit ministerium under den danske regjeringa som handsamar dansk utanrikspolitikk, europapolitikk, utvikling-, tryggleiks og handelspolitikk og folkerettslege oppgåver i høve til omverda. Ministeriet har 1 350 tilsette, av dei er 500 stasjonerte i utlandet. Det årlege budsjettet vert fastlagt i Finanslov og er på omlag 1,5 milliardar kroner.
Til Ministeriets oppgåver er gjennom aktivt og engasjert diplomati å arbeida for Danmarks interesser og verdiar i forhold til omverda på ein måte som fremmjar danskanes friheit, tryggleik og velstand samt ein meir fredeleg og rettferdig verd med utvikling og økonomisk vekst for alle.
Det noverande udenrigsministerium afløste i 1848 Departementet for de Udenlandske Anliggender, som formelt var oppretta som sjølvstendig regjeringsorgan ved kongeleg kabinettordre av 24. desember 1770. Denne datoen vert difor ansett som ministeriets grundleggjingssdato. Ifølge Udenrigsloven utgjer Udenrigsministeriet i København saman med dei diplomatiske og konsulære representasjonar (78 ambassadar samt ei rekkje misjonar og konsulat) ein felles tenesta, kalla Udenrigstjenesten. Utover representasjonane har handelskontoret siden 2000 høyrt under Udenrigsministeriet. Handelskontor bistår danske verksemder på eksportmarknaden (sjå Danmarks Eksportråd).
Sjølv om det er tale om eitt ministerium, verker dei tilsette for fleire ministrar. I august 2024 verka det for tre ministrar: utanrigkministeren, europaministeren og ministeren for nordisk samarbeid. Den øvste embetsmannen er departementssjefen. I den øvste leiinga til ministeriet inngår vidare fire direktørar.
Rolle i olje-for-mat-skandale I 2007 hadde politi gjennom halvanna år freista å avhøyre medarbeidere ved Udenrigsministeriet i samband med den verdsomspennande olje-for-mat-skandala som føregjekk i Irak under Saddam Hussein. Udenrigsministeriet nekta å utlevera papir som politiet ynskte. Jursprofessor Lars Bygding Langsted skildra situasjonen som «overordentlig uheldig».Danmarks Radio, "Nu vil Udenrigsministeriet svare Statsadvokaten", DR Nyheder / Politik, 9. juli 2007. Ei undersøking har funne at 2 200 verksemder og enkeltpersonar har betalt bestikkelse.Danmarks Radio, "Stigende pres på udenrigsministeriet i olie-for-mad-skandale", DR Nyheder / Politik, 11. juli 2007. I juli 2007 svara Udenrigsministeriet skriftleg på spørsmål, men etter massiv kritikk uttalte utanriksminister Per Stig Møller at sikkerheitspoliti kunne koma til å tala med medarbeidare viss sikkerheitsspoliti ikkje var tilfredse med det skriftlege svaret.Jesper Høberg, "Per Stig griber ind i Irak-sag" , epn.dk, 12. juli 2007.
Søravdeling i DANIDA Søravdelinga er eit organ internt i Danida. Frå 1963-91 var DANIDA, ei sjølvstendig avdeling i ministeriet. DANIDA stod for Daninish Agency For International Development. Bistandssamarbeid vorte integrert med resten av ministeriet i den såkalla Søravdelinga.Danida – Den Store Danske
Sjå òg Ambassade Konsulat DANIDA
Kjelder
Kategori:Dansk samfunn Kategori:Diplomati Kategori:Utviklingshjelp