Greystoke: Legenden om Tarzan, apenes konge (originaltittel Greystoke: The Legend of Tarzan, Lord of the Apes) er ein britisk eventyrfilm frå 1984 regissert av Hugh Hudson. Filmen byggjer på Edgar Rice Burroughs sin roman Tarzan of the Apes frå 1912. Christopher Lambert har hovudrolla som Tarzan og Andie MacDowell speler Jane. Blant øvrige skodespelara kan ein nemna Ralph Richardson (i den siste filmen sin), Ian Holm, James Fox, Cheryl Campbell og Ian Charleson.
Filmen blei nominert til tre oscarprisar, for beste birolle for Richardson, beste manus frå eit anna medium og beste sminke. Han var nominert til fleire BAFTA-prisar, og vann prisen for beste sminke.http://awards.bafta.org/keyword-search?keywords=1985
Handling Eit skip går ned ved kysten av Afrika. Blant dei overlevande er lord Clayton og den gravide kona hans lady Alice. Alice døyr etter å ha fødd ein son, og mannen blir seinare drepen av ein gorilla. Sonen blir så teken av ein hogorilla som sjølv har mista ungen sin. Guten veks opp blant apene i jungelen og blir etterkvart leiaren deira. Etter fleire år blir han oppdaga av ein ekspedisjon frå British Museum, som blir overtydde om at han er den gjenlevande sønnen til lord Clayton og lady Alice. Han blir til slutt overtalt til å vera med dei til sivilisasjonen, men overgangen til det britiske samfunnet byr på mange vanskar og han blir sliten mellom dei to verdene.
Filming Ein byrja filma i november 1982.
Filmen blei teken opp i Korup nasjonalpark i Vest-Kamerun og i Skottland. Ein nytta fleire britiske herskapshus til å framstilla heimen til familien Greystoke:
Floors Castle nær Kelso i Roxburghshire i Skottland. Det blei brukt for utandørsscener og ballscener. Hatfield House i Hertfordshire (inngangshall, stor trapp) Blenheim Palace i Oxfordshire.
Rolleliste i utval
Christopher Lambert – John Clayton / Tarzan, kongen til apene Ralph Richardson – The 6th Earl of Greystoke Ian Holm – Kaptein Philippe d'Arnot James Fox – Lord Charles Esker Andie MacDowell – Jane Porter Glenn Close – Jane Porter (røyst) Cheryl Campbell – Lady Alice Clayton of Greystoke Ian Charleson – Jeffson Brown Nigel Davenport – Major Jack Downing Nicholas Farrell – Sir Hugh Belcher Paul Geoffrey – John "Jack" Clayton, Viscount of Greystoke Richard Griffiths – Kaptein Billings Hilton McRae – Willy David Suchet – Buller
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Greystoke: Legenden om Tarzan, apornas konung» frå , den 8. oktober 2018. Denne artikkelen bygger på «Greystoke: Legenden om Tarzan, apenes konge» frå , den 2. november 2018. Denne artikkelen bygger på «Greystoke: The Legend of Tarzan, Lord of the Apes» frå , den 17. juli 2022.
Kategori:Engelskspråklege filmar Kategori:Filmar frå 1984 Kategori:Filmar av Warner Bros.