Anthony McLeod Kennedy () er ein amerikansk jurist. Han er tidlegare domar ved Høgsteretten i USA. Han vart nominert av president Ronald Reagan og tiltredde den 18. februar 1988. Han gjekk av i 2018.
Liv og virke Kennedy studerte ved Stanford University frå 1954 til 1958, og vart uteksaminert med ein bachelorgrad i statsvitskap, etter å ha hatt sitt siste studieår ved London School of Economics. Deretter studerte han juss ved Harvard Law School, der han vart Bachelor of Laws cum laude i 1961.
Kennedy arbeidde så i ein privat praksis i San Francisco mellom 1961 og 1963. I 1963, etter at faren døydde, tok han over faren sin advokat-praksis i heimbyen Sacramento, der han var fram til 1975. Mellom 1965 og 1988 var Kennedy tilsett som professor ved McGeorge School of Law ved University of the Pacific.
Etter at Sandra Day O'Connor trekte seg frå Høgsteretten, var Kennedy den såkalla vippestemma, altså dommaren som av og til røysta med dei liberale dommarane, og i Kennedys tilfelle, mest stemma med dei konservative dommarane. Særleg i avgjerder om likekjønna ekteskap var stemma til Kennedy viktig.David S. Cohen (30. juni 2015): It's Justice Kennedy's World, and We're All Just Living in It. Rolling Stone Magazine
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anthony Kennedy» frå , den 9. oktober 2018.
Kategori:USA-amerikanske høgsterettsdommarar Kategori:Folk frå Sacramento