Hans Torgersen () var ein norsk glasmeister og politikar frå Øvre Eiker i Buskerud som 1977-81 representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget.
Torgersen var son til ein snikkar. Sjølv arbeidde han i Arnesens glassmagasin i Drammen frå 1941 til 1950. Han tok då meisterbrev og dreiv sidan eiga glasmeisterforretning i Drammen i 39 år fram til 1989.
Frå 1960 til 1971 var Torgersen bystyremedlem i Drammen og var seinare fylkestingsmedlem i Buskerud i to periodar. 1974-78 var han fylkesformann i Buskerud KrF og samstundes landsstyremedlem i partiet. Valperioden 1977-81 var han stortingsrepresentant frå Buskerud med plass i Kommunal- og miljøvernkomiteen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Folk frå Øvre Eiker Kategori:Folk frå Drammen