Kristeleg Gymnasium, forkorta KG, er ein kristen ungdoms- og vidaregåande skule i Bydel Frogner i Oslo. Skulen vart grunnlagd i 1913 som privat gymnasium av fem kristne organisasjonar. I 1967 fekk KG òg ungdomsskule. I dag er skulen ått av Det Norske Misjonsselskap, Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband. I 2005 fekk ungdomsskuletrinnet ved KG beste resultat av privatskolane i landet.

Skulen har tradisjonelt fått fleire søkarar enn han har plassar til. Skulen utvida difor tilbodet med lokale i Pilestredet 56. Bygde stod ferdige hausten 2010.

Skulen har to eigne songkor (KG Singers og KG-koret) og dessutan eit eige klokkekor (KG Bells). Desse held årleg ei rekkje konsertar, inkludert ein årleg Julesangaften i Oslo Konserthus.

Elevane ved skulen arrangerer årleg ein eigen innsamlingsaksjon (KGs Elevaksjon) til inntekt for ulike velgjerande organisasjonar.

Kjende elevar

Kronprins Haakon Prinsesse Märtha Louise Erling Norvik Dagfinn Høybråten Ivar Østberg Kirsten Kjelsberg Osen Aage Wallin Kristin Clemet Randi Flesland Henrik Syse Bjarte Baasland Martine Vik Magnussen Kåre Willoch Martine Aurdal Karsten Isachsen Aage Kvalbein Per Arne Dahl Tor B. Jørgensen Hans Svelland Erik Selle Berit Berthelsen Ingvil Smines Tybring-Gjedde Christian Tybring-Gjedde Engvald Bakkan Anders Torp Annette Lykknes Egil Hogna Ida Lindtveit Røse Philip Holst-Cappelen

Rektorar ved KG 1908–1921: Aage Stabell 1921–1951: Hans Nielsen Høeg 1951–1955: Erling Smemo 1955–1985: Hans Bovim 1985–1993: Finn Andersen 1994–2014: Tjostolv Berget 2014–2021: Nils-Tore Sagen Mosvold 2021–: Ingunn Juul Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kristelig Gymnasium» frå , den 11. oktober 2018.

Referansar

Kategori:Kristne skular i Noreg Kategori:Ungdomsskular i Oslo Kategori:Vidaregåande skular i Oslo Kategori:Bydel Frogner Kategori:Skipingar i 1913