«Silver Dagger», med variantar som «Katy Dear», «Molly Dear», «The Green Fields and Meadows», «Awake, Awake, Ye Drowsy Sleepers» og andre (Laws M4 & G21, Roud 2260 & 2261) er ei USA-amerikansk vise, som kanskje har britisk opphav. Desse songane med forskjellige titlar er nært knytte til ein annan, og to delar av songen vart sræleg populær i kommersiell country og folkemusikk på 1900-talet. «Silver Dagger»-versjonen vart popularisert av Joan Baez, og «Katy Dear»-versjonane av brødreduoar som The Callahan Brothers, The Blue Sky Boys og The Louvin Brothers.
På «Silver Dagger» avviser den kvinnelege songaren ein potensiell friar, sidan mor hennar har åtvara ho om å unngå friarane for å spare ho for hjartesorga ho sjølv måtte gjennom. Innspelinga frå 1960 av Joan Baez inneheld berre ein liten del av den fulle balladen. «Katy Dear» nytta den same melodien, men ein annan tekst, og fortel ei liknande soge frå eit mannleg perspektiv.Lyle Lofgren. «Remembering The Old Songs: KATIE DEAR (Laws G21).» 2002-03. Inside Bluegrass. Henta 13. oktober 2018.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Silver Dagger (song)» frå , den 13. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff «Silver Dagger» på Roger McGuinn's Folk Den http://www.dansher.com/band/SilverDagger.pdf - Tekst og akkordar for Silver Dagger
Kategori:USA-amerikanske folkeviser Kategori:Roud Folk Song Index-songar Kategori:Mordballadar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Bob Dylan-songar