Joan Baez in Concert, Part 1 er eit konsertalbum frå konsertturneane til Joan Baez i 1962. Albumet nådde tiandeplassen på Billboard Pop Albums-lista.
Historie Det var versjonen til Baez av «Babe, I'm Gonna Leave You» som gjorde Jimmy Page og Robert Plant merksam på songen, og han er no blitt oftare assosiert med Led Zeppelin. Malvina Reynolds sin «What Have They Done to the Rain» (om radioaktivt nedfall) var den første «høvessongen» Baez spelte inn. «Até Amanhã» er ein brasiliansk kjærleikssong og er sungen heilt på portugisisk.
Vanguard gav ut det meste av albumet, og det neste albumet Joan Baez in Concert, Part 2, på CD i 1988 under den same tittelen, Joan Baez in Concert. På grunn av avgrensingane på lengda vart somme songar droppa frå denne versjonen. CD-utgåva inneheld berre 20 av ei 28 songane på dei to vinylutgåvene. Songar som vart droppa frå CD-utgåva var «Babe, I'm Gonna Leave You», «Pretty Boy Floyd», «Lady Mary», «Até Amanhã», «Matty Groves», «Three Fishers», «Hush Little Baby» og «Battle Hymn of the Republic».
I 2002 gav Vanguard ut den originale vinylutgåva på CD med tre bonusspor so ikkje før var gjeven ut, «Streets of Laredo», «My Good Old Man» og «My Lord What A Morning.»
Mottaking
I meldinga si for Allmusic skreiv Tom Semioli at albumet «fangar den uomstridde dronninga av visesong i starten av karrieren.»
Innhald Alle songane er tradisjonelle, utanom der anna er nemnt.
Medverkande Joan Baez – vokal, akustisk gitar Reice Hamel - lydteknikar
Salslister ÅrListePlassering1962Billboard Pop Albums10
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joan Baez in Concert» frå , den 13. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertalbum frå 1962 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Vanguard Records-album