mini|portrett|Erik Bye «Vår Herres klinkekuler» er spor nr. 9 på Erik Bye si plate Gammel er min fjord frå 1974. Songen har tekst av Erik Bye og melodi av Finn Ludt, og er ein av Bye sine best kjente utgjevingar. Fyrste registrerte framføring var i radioprogrammet Søndagsposten den 14. oktober 1973.Programrapport NRK hos Nasjonalbiblioteket. Songen er vorten utgjeven på fleire samlealbum etter originalutgjevinga. Mellom anna er han opningssporet på konsertalbumet Vandring på Vår Herres Klinkekule (1986) og spor nr. 9 på andre CD-en på dobbelt-albumet Høvdingen – de aller beste 1958–2004 frå 2005.
Songteksta seier mellom anna at «Jeg så ham [Vårherre] klinke kule med vår klode i muntre sprett mot universets vegg».Se, så vakker planeten vår er!
mini|venstre|«Det var vår egen Jord som var blitt borte» Andre utgjevingar enn originalen Vårherres klinkekule (sungen av Anne Grete Preus) er opningsporet på albumet Hildringstimen (2005), som er eit livealbum frå minnekonserten der diverse artistar heidrar Erik Bye eitt år etter at han døydde.
Wenche Myhre gav han ut på konsertalbumet Wenche Myhre in Concert som vart spelt inn i 2007 og gjeve ut i 2008. På dette albumet vart tittelen skriven i to ord som «Vårherres klinkekule».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vår Herres klinkekule» frå , den 15. oktober 2018.
Referansar
Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Norske songar Kategori:Erik Bye