Heimefrontleiinga var den styrande gruppa for Heimefronten i Noreg under andre verdskrigen. Motstanden mot den tyske okkupasjonen i 1940 hadde rundt 1943 blitt såpass organisert at ein snakka om ein sentral motstandsautoritet kjend som hjemmefrontens ledelse (HL). Ved årsskiftet 1944–1945 hadde denne leiinga 12 medlemmer. Ved frigjeringa i 1945 hadde ho 14 medlemmer.

Heimefrontleiinga fekk fullmakt frå den norske eksilregjeringa til å forhandla om tysk kapitulasjon den 5. mai 1945. Etter at representantar for regjeringa kom tilbake til Noreg 14. mai 1945 la Heimefrontleiinga ned dette mandatet.

Medlemmar kjende offentleg i ettertid (alfabetisk liste, ikkje uttømmande) Paal Berg, Kretsen Knut Blom Conrad Bonnevie-Svendsen Ingrid Furuseth Tore Gjelsvik, Koordinasjonskomiteen Jens Christian Hauge Gunnar Jahn, Kretsen Magnus Jensen, Koordinasjonskomiteen Alf Sanengen, Koordinasjonskomiteen Tor Skjønsberg, Kretsen Sven Arntzen

Sjå òg

Koordinasjonskomiteen Sivorg Milorg Kretsen

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Hjemmefrontens Ledelse» frå , den 16. oktober 2018.

Litteratur

Kategori:Norsk motstand under andre verdskrigen