Andrew Jeremy Wakefield () er ein britisk tidlegare kirurg og forskar.

Wakefield er mest kjend for den forfalska forskinga si på samanhengen mellom MMR-vaksine og autisme.Forfalsket sammenheng mellom vaksine og autisme VG I 1998 publiserte han ein studie som viste ein klar slik samanheng, og dette førte til sterk vaksineskepsis i Storbritannia. Skepsisen spreidde seg også til mange andre land, mellom anna Noreg.Norske småbarnsforeldre lurt av vaksinebløff NRK

Sjølv om ingen andre forskarar kunne replikera studien, blei ikkje svindelen avdekt før i 2004 då journalisten Brian Deer undersøkte saken. Han avdekka at Wakefield hadde forfalsket studen, og at han også hadde økonomiske motiv for å gjera dette.Revealed: Wakefield's secret first MMR patent claims "safer measles vaccine" briandeer.com Wakefield innrømma sidan å ha forfalska testresultat som skulle mistenkeleggjera vaksiner. I 2010 blei Wakefield fåadømt retten til å praktisere som lege i Storbritannia.

Som følgje av verksemda til Wakefield steig førekomsten av meslingar markant i Storbritannia, noko som førte til alvorleg sjukdom og død for nokre barn som ikkje var blitt vaksinerte.Study Linking Vaccines to Autism Is “Fraudulent” Time Healthland Det fanst liknande tendensar internasjonalt, og i Sør-Afrika førte den irrasjonelle frykta for MMR-vaksinen til fleire hundre dødsfall blant barn som fekk meslingar.South Africa: Measles outbreak spreading IRIN Africa

Trass i avsløringane har Wakefield halde fram med å ha mange tilhengjarar verda over, og skepsis mot MMR-vaksinen er framleis utbreidd.Meslingevaksine fører ikke til autisme Morgenbladet Blant dei som har støtta Wakefield sin påstand om ein samanheng mellom vaksiner og autisme er Donald Trump.Antivaxers supported President-Elect Donald Trump. Now they want him to satisfy their demands. ScienceBlogs

Den norske antroposofen Trond Skaftnesmo prøvde i boka Folkefiende å tilbakevisa anklagene mot Wakefield og meinte han var utsett for eit politisk komplott.Bokomtale: Folkefiender - om sannhetens pris og vitenskapens sjel Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon

I 2020 gav Brian Deer ut boka The Doctor Who Fooled the World ('Legen som forleda verden') der han avslørte korleis ein av dei næraste medarbeidarane til Wakefield hadde gjeve han innsideinformasjon om Wakefield og antivaksine-rørsla hans.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrew Wakefield» frå , den 3. november 2021.

Kategori:Britiske vitskapsfolk Kategori:Britiske legar Kategori:Vaksinemotstandarar