Universitetet i Dar-es-Salaam (UDSM; engelsk University of Dar es Salaam, swahili Chuo Kikuu cha Dar es Salaam) er eit universitet i Dar-es-Salaam i Tanzania. Universitetet vart oppretta i 1970, då ein vedtok å dela Universetet i Aust-Afrika i tre: Universitetet i Dar-es-Salaam, Makerere universitet i Uganda og Universitetet i Nairobi i Kenya.

Campusar Universitetet har fem campusar rundt om i byen, og verkar akademisk via ti fakultet. Hovudcampusen vert kalla Mlimani, som er swahili for 'på fjellet', og ligg 13 km vest for Dar-es-Salaam sentrum. Han husar fakulteta for utdanning, humaniora og vitskap. Det er òg fire spesialiserte fakultet på denne campusen, nemleg fakulteta for informatikk og virtuell utdanning; juss; handel og administrasjon og marin vitskap og teknologi.

Nkrumah Hall, ein bygning på Mlimani-campusen, er avbilda på baksida av setlane for 500 shilling.

Kjente studentar Jakaya Kikwete, president i Tanzania Yoweri Museveni, president i Uganda Laurent-Désiré Kabila, tidlegare president i Den demokratiske republikken Kongo John Garang, tidlegare visepresident i Sudan Asha-Rose Migiro, tidlegare visegeneralsekretær i SN, tidlegare utanriksminister i Tanzania Edward Lowassa, tidlegare statsminister i Tanzania Gertrude Mongelia, president i Det panafrikanske parlamentet Walter Rodney, guyansk historikar og politikar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Universitetet i Dar-es-Salaam» frå , den 13. oktober 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dar-es-Salaam Kategori:Universitet i Tanzania Kategori:Skipingar i 1970