One Day at a Time er eit album frå 1970 av Joan Baez. Det vart spelt inn i Nashville og Baez fortsette her å eksperimentere med country, som ho byrja med på David's Album året før. Albumet inneheld ein av dei første songane Baez skreiv sjølv, «Sweet Sir Galahad» og «A Song for David». Den førstnemnde songen var ei ballade for den yngre syster hennar, Mimi Fariña, og den sistnemnde for den dåverande ektemannen hennar David Harris, som på den tida sat i fengsel som militærnektar. One Day at a Time inneheld òg songar av The Rolling Stones, Willie Nelson og Pete Seeger.
Albumet inneheld tre songar som Baez framførte på Woodstockfestivalen fire månader tiddlegare, «I Live One Day At A Time», «Joe Hill» og «Sweet Sir Galahad».
Vanguard si nyutgjeving inneheld to bonusspor frå innspelinga av One Day at a Time: «Sing Me Back Home» og «Mama Tried», begge duettar med Shurtleff, og begge skrivne av Merle Haggard. Desse to var først gjevne ut i plateboksen Rare, Live & Classic frå 1993.
Innhald
Medverkande Joan Baez – vokal, gitar Pete Drake – pedalsteelgitar Roy Huskey jr. – bassgitar Tommy Jackson – fele Jerry Shook – gitar Jerry Reed – gitar Harold Bradley – gitar Hargus «Pig» Robbins – piano Harold Rugg – steelgitar, dobro Grady Martin – gitar, dobro, sitar Buddy Spicher – fele Norbert Putnam – bassgitar Kenny Buttrey – trommer David Briggs – piano, cembalo Richard Festinger – gitar Charlie McCoy – munnspel, vibrafon, orgel Henry Strzelecki – bassgitar Pete Wade – gitar Jim Marshall - fotografi
Salslister Liste (1971)Plassering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «One Day at a Time» frå , den 20. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Vanguard Records-album Kategori:USA-amerikanske countryalbum