Olav Djupvik () var ein norsk skulemann og politikar frå Blaker i Akershus. Han representerte Oppland og Kristeleg Folkeparti på Stortinget 1977–81.
Djupvik var son til ein lærar, og valde sjølv same yrkesvegen. Etter eksamen frå Oslo lærerskole i 1956, underviste han dei neste tre åra ved skulane Ruseløkka og Lilleaker i Oslo. Perioden 1959-63 var han lærar ved Moen skole i Askim. I 1963 flytta han Rendalen og hadde lærarstilling ved Fagertun sentralskole til 1968. Frå 1970 arbeidde han i Lillehammer kommune, fyrst som lærar ved Smestad ungdomsskole i to år, der nest var han 1972-83 pedagogisk konsulent på skulekontoret og til sist, 1984-96, som skuleinspektør.
Djupvik var med i Lillehammer formannskap frå 1972 til 1979. Hausten 1977 vart han vald til å representere Kristeleg Folkeparti i Oppland på Stortinget. Fireårsbolken 1977-81 hadde han då sete i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Utover 1980-talet uttrykte Djupvik misnøye med utviklinga i Kristeleg Folkeparti, særleg i spørsmålet om abort. Det enda med at han melde seg ut av partiet.
Djupvik gav i 1976 ut boka Hva lærer våre barn i skolen? Han var 1998-2001 landsstyremedlen i Den Norske Israelsmisjonen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Folk frå Sørum Kategori:Folk frå Lillehammer Kategori:Norske skulefolk