Sonate er eit musikkstykke for eit eller fleire instrument, som har tre eller fire satsar etter eit spesielt mønster. Denne forma oppstod i den wienerklassiske perioden.

Tradisjonelt kjem dei fire satsane i denne rekkefølgja:

1.sats; hurtig, i sonatesatsform 2.sats; langsom, ABA-form 3.sats; ein dansesats, t.d. menuett eller scherzo 4.sats; hurtig, kunne vere ein variasjonssats eller ein rondo

I byrjinga var sonaten oftast tre satsar lang, i mønsteret hurtig-langsam-hurtig, noko som var ei arv etter den italienske overtyra. Men etterkvart vart menuetten introdusert som tredjesats, og dette igjen var ei arv frå den barokke dansesuiten.

Kategori:Musikkformer