mini|Isskjering ved Kragerø tidleg på 1900-talet mini|Molbekktjernet i Mosseskogen blei laga som isdam på 1800-talet. Isdam er en liten kunstig innsjø laga for å kunna skaffe is til isskap og liknande nedkjøling.Byarkivet Oslo - Et iskaldt kulturminne (1997) Isdammar kunne vera viktige før kjøleskap blei utbreidde. Mange garder hadde isdammar som kunne brukast nedkjøling av mjølk.

I Groruddalen var det fire verksemder som dreiv med isskjering på 1920- og -30-talet. Oslo Ismagasin på Årvoll var den siste naturisverksemda i Oslo. Heilt fram til 1967/68 skar firmaet ut store isblokker som blei leverte til firma og privathushaldningar.

Det finst framleis ein del isdammar, men ein henter ikkje lenger ut is frå dei. Mange isdammar har grodd igjen, men i dag rekner ein dei for å ha kulturhistorisk verdi og vera ein viktig del av kulturlandskapet. Fleire steder arbeider ein difor for å verna isdammar og hindra gjengroing.

Sjå også Isdrift Ishus Isskap

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isdam» frå , den 26. oktober 2018.

Kategori:Historisk næringsliv i Noreg Kategori:Kjøleteknikk Kategori:Matkonservering Kategori:Is