Auckland på Nordøya av New Zealand er det største av dei bymessige områda på New Zealand. Den noverande Auckland-regionen starta som fire frittståande byar, Auckland City, Waitakere, Manukau og North Shore. Desse har med tida vakse saman, men var fram til 2010 fire avskilde administrasjonsområde med eigne valde bystyre og administrasjonar. På maorispråk vert Auckland kalla Tāmaki Makau Rau eller den maorifiserte forma av namnet Auckland, Ākarana.

Auckland ligg 37 grader sør for ekvator. Det tettbygde området strekkjer seg mellom Haurakigolfen i Stillehavet i aust, dei låge Hunua Ranges åsane i søraust, Manukau Harbour, ein fjord i sørvest, og Waitakere Ranges-åsane i vest og nordvest. Sentrum av byområdet ligg på ei smal landtunge som fungerer som eit skilje mellom Manukauhamna som ligg ved Tasmanhavet og Waitematahamna på Stillehavssida. Auckland er ein av dei få byane i verda som har hamneområde ved to ulike verdshav.

Folketalet i Auckland er over 1,3 millionar menneske, dette gjer byen til langt den største på New Zealand, då nesten tredjeparten av alle innbyggjarane i landet er busette der.

Historie

Maoriar Dei første som kom til det området, som no er kjent som Auckland, var maoriane kring 1350. Dei verdsette dette området fordi det hadde eit rikt og fruktbart jordsmonn. Maoriane bygde borger i terrassar med ein landsby på toppen av vulkanane, kjent som ein pa. Desse terrassane er enno i dag synlege rundt vulkanar som Mount Eden og One Tree Hill. Då dei første europearane kom til staden, var talet på maoriar i det sentrale Aucklandområdet vorte kraftig redusert på grunn av stammekrigar, sjukdom og utflytting. Europearane såg det som ein føremon at folketalet til innfødde innbyggjarar var lågt. Stammane Ngāti Whātua og Tainui er dei som tradisjonelt budde i området.

Auckland vert til Etter at Waitangitraktaten — som grovt sagt regulerte tilhøvet mellom dei innfødde og britane — vart underteikna i februar 1840, måtte den nye guvernøren på New Zealand, William Hobson, finna ein hovudstad for kolonien. På det tidspunktet fungerte Kororareka, no kalla Old Russel i Bay of Islands som administrasjonssenter. Men denne byen låg usentralt til for store delar av øy-kjeda, og hadde elles eit dårleg rykte.

mini|Tysk kart over Auckland anno 1890 Etter tilråding frå misjonæren Henry Williams valde Hobson sørsida av den naturlege hamna Waitemata Harbour som den framtidige hovudstaden. Land vart kjøpt av den lokale māoristammen Ngāti Whātua og ein opningsseremoni fann stad den 18. september. Hobson gav den nye byen namn til ære for venen sin, George Eden, første jarlen av Auckland.

Heilt frå byrjinga kom det ein jamn straum av immigrantar både innanfrå New Zealand og utanfrå til den nye hovudstaden. Frå først av var fleirtalet frå New South Wales i Australia, men dei første båtane med immigrantar som segla direkte frå Storbritannia, nådde fram til byen alt i 1842. Om lag 20 år seinare vart Port Nicholson, no kjend som Wellington, hovudstad, og er det framleis. Føremonet til denne byen var den sentrale posisjonen sør på Nordøya. Parlamentet møttest der første gongen i 1862.

Frå grunnlegginga vart austsida av området tildelt funksjonærar og statstilsette, medan handverkarar og arbeidarar, dei såkalla «uoffisielle nybyggjarane», samla seg på vestsida. Dette sosiale skiljet eksisterer enno i det moderne Auckland.

Auckland veks mini|Det bymessige området til Auckland Auckland var basen til guvernør George Grey sine felttog mot dei opprørske maoriane tidleg på 1860-talet. Grey sine operasjonar førte med seg at Waikato- og King Countrydistrikta vart opna ved at det vart bygd vegar, den mest kjende var Great South Road, (ein større del av denne dannar no State Highway 1). Slik kunne det skje snøgge forflyttingar, ikkje berre av soldatar, men òg av sivile nybyggjarar. Det førte også til utbreiing av pākehā (ikkje-maorisk) påverknad og lover til South Auckland-regionen.

Midt på 1800-talet fann den europeiske busetnaden på New Zealand for ein stor del stad på Sørøya. Auckland vart likevel litt etter litt den kommersielle hovudstaden. Dyrking av frukt og grønsaker fann stad i utkantane av byen, medan hogst av kauritre og utvinning av kauri gum, den seige og harde kvaen til kauritreet, opna opp Waitakere Ranges.

Ein otte for russiske åtak sist på 1800-talet førte til innkjøp av kanonar og bygging av kystfort, mest ved Devonport og på Waiheke Island, der dei enno er å sjå

Ved året 1900 var Auckland blitt den største byen på New Zealand. Sist på 1930-talet og gjennom 40- og 50-talet vart det etter initiativ av Arbeiderpartiet på New Zealand, bygd ei rekkje offentlege bustader, stort sett på om lag 1,000 m² tomter — ein byggeskikk som har overlevd, trass i hyppige delingar av tomtene. Auckland er for ein stor del ein forstadsby: Sjølv om byen berre har ein sjuandedel av folketalet til London, breier han seg ut over eit betydeleg større område. Dette fører til at offentleg transport med buss og jarnveg vert uøkonomisk og upopulært. Auckland Harbour Bridge vart opna i 1959. Brua bind saman North Shore med sentrum.

Geografi og klima Vulkanar mini|Rangitoto Island sett frå One Tree Hill. Auckland ligg ved eit utbreidd vulkansk område (Auckland Volcanic Field). Dei 50 vulkanopningane i området er forma som kjegler, sjøar, lagunar, øyer og nedsenkingar i terrenget. Mange av dei har danna utstrekte lavastraumar. Dei fleste av kjeglene er meir eller mindre gravne bort. Ingen av vulkanane er aktive, men vulkanfeltet ligg berre i «dvale». Den sist danna og langt den største vulkanen, Rangitoto Island, er blitt til i løpet av dei siste 1000 åra. Rangi tyder 'himmel', og toto 'blod', dette kan tyda på at han fekk namnet sitt av maoriar som var vitne til utbrotet.

Vêrlag Auckland har temperert klima, varmt og fuktig om sommaren, kjølig og rått om vinteren. Gjennomsnittstemperaturen i januar er frå 21-24 °C. Februar er gjerne varmare enn januar og maksimumstemperaturen i juli er mellom 14-16 °C. Nedbøren er rikeleg nesten heile året (over 1100 mm årleg), særleg om vinteren. Vêrlaget kan variera i ulike delar av byen av topografiske årsaker (åsar og trevokstrar) og vindar som kjem inn frå havet. Der er ingen nedteikningar om at det har vore snø i Auckland, sjølv om ein tett haglstorm ein gong på 1950-talet vart misoppfatta som snø av mange menneske. På Sørøya er det derimot byar som kan få snøfall nesten årleg.

Plassering Auckland ligg på og ved ei landtunge som er mindre enn to kilometer brei på det smalaste, mellom innløpet til Mangere Mangere Inlet og elva Tamaki River. Der er to hamner i den delen av Auckland som ligg ved denne landtunga, Waitematahamna (Waitemata Harbour) mot nord; denne opnar seg austover mot Haurakigolfen, og Manukauhamna (Manukau Harbour) mot sør som opnar seg vestover mot Tasmanhavet.

Det går bruer over begge desse hamnene, Auckland Harbour Bridge ved Waitematahamna og Mangere Bridge ved Manukauhamna.

Folkeslag Auckland har folkeslag frå ei rekkje kulturar. Majoriteten av innbyggjarane er av europeisk — størstedelen britisk — avstamming, men betydelege grupper med māoriar, menneske frå Stillehavsøyane og Asia finst også. Auckland er den byen i verda som har den største polynesiske populasjonen. Ein nesten like stor del av innbyggjarane har asiatisk bakgrunn (dei fleste frå Aust-Asia). Dette kjem av at New Zealand har hatt det høgaste immigrasjonsnivået i verda, og størsteparten av immigrantane kjem til Auckland. Etniske grupper frå alle verdshjørne er til stades i Auckland, og gjer byen til den mest kosmopolitiske i landet. Det er berekna at meir enn 14 menneske immigrerer til Auckland kvar dag.

Folketeljinga frå 2001 (New Zealand Census of Population and Dwellings) viste at: 66.9 % av innbyggjarane i Auckland høyrer til etniske grupper frå Europa. 14.9 % av innbyggjarane i Auckland høyrer til etniske grupper frå Stillehavsøyane. 14.6 % av innbyggjarane i Auckland høyrer til etniske grupper frå Asia. 11.5 % av innbyggjarane i Auckland høyrer til etniske grupper av māoriar. 1.3 % av innbyggjarane i Auckland høyrer til andre etniske grupper.

(Prosenttalet vert meir enn 100 %, av di ein del menneske høyrer til fleire etniske grupper).

Religion Som i resten av landet, reknar meir enn halvparten av innbyggjarane i Auckland seg for kristne, men færre enn 10 % går regelmessig til kyrkje. Nesten 40 % seier seg frie frå religiøs tilknyting (tal frå folketeljinga i 2001). Dei største kyrkjesamfunna er Den anglikanske kyrkja, Den presbyterianske kyrkja og Den katolske kyrkja. Pinsevener og karismatiske kyrkjesamfunn er dei som veks snøggast. Ein høgare prosentdel av immigrantar frå Polynesia enn andre innbyggjarar i Auckland går regelmessig til kyrkje, men også hjå desse går kyrkjesøkinga attende hjå andre eller tredje generasjons innvandrarar. Andre innvandrarkulturar har gjeve sitt tilskot til det religiøse mangfaldet i byen, til dømes buddistar, hinduistar og muslimar. Der har også i lang tid vore eit lite jødisk samfunn.

Levekår mini|Luftfoto over Auckland Tiltrekkjande sider ved å bu i Auckland er det milde klimaet, gode tilhøve for arbeid og utdanning, og varierte og talrike fritidsaktivitetar. Ei undersøking av livskvalitet i dei 55 fremste byane i verda plasserer for tida Auckland på femte plass etter Zürich og Geneve.Mercer Consulting quality of life survey

Auckland er på 31. plass på ei liste UBS har sett opp over dei rikaste byane i verda.http://www.citymayors.com/economics/richest_cities.html

Livsstil mini|Auckland vert kalla «Seglbyen». Auckland vert populært kalla City of Sails ('Seglbyen'), fordi hamna ofte er fylt med seglbåtar. Utanfor hamna Viaduct Basin er det arrangert to America's Cup-seglasar, og kaféane, restaurantane og nattklubbane der bidreg til det pulserande nattlivet i Auckland. High Street, Queen Street, Ponsonby Road, og Karangahape Road er også svært populære område i byen. Newmarket og Parnell er viktige shoppingsentra. Otara og Avondale sine vidgjetne loppemarknader og Victoria Park Market gir fargerike alternative handleopplevingar.

Strandliv Waitemata Harbour har populære strender ved Mission Bay, Devonport, Takapuna, Long Bay og Maraetai, og på vestkysten er det fine tilhøve for surfing ved Piha og Muriwai. Mange av badestrendene i Auckland vert patruljerte av livreddingsklubbar som er ein del av redningstenesta Surf Lifesaving Northern Region.

Utfart Populære ferjeruter går til Devonport, Waiheke Island og Rangitoto Island. Mykje brukte piknikstader er ved Auckland Domain, Albert Park, One Tree Hill og Western Springs.

Sport Auckland har ei rekkje rugby- og cricket-banar (t.d. Eden Park), og arenaer for motorsport, tennis, badminton, symjing, fotball og mange andre former for idrett.

I mars kvart år vert det skipa til eit 8,4 km langt mosjonsløp kalla «Round the Bays». Dette startar i sentrum og går langs stranda fram til forstaden St. Heliers. Det tiltrekkjer seg titusenvis av menneske, og har vore ei årleg tilskiping sidan 1972.

Kultur I The Auckland Town Hall og Aotea Centre vert det skipa til konferansar og kulturelle hendingar som t.d. teater, kapa haka, konsertar og opera. Mange nasjonale praktstykke er utstilte i Auckland Art Gallery, som arbeid av kunstmålaren Colin McCahon. Andre viktige kulturelle objekt er utstilte i krigsmuséet (Auckland War Memorial Museum), det maritime muséet (New Zealand National Maritime Museum og det tekniske muséet (Museum of Transport and Technology (MOTAT)). Eksotiske land- og sjødyr finst i Auckland Zoo og i Kelly Tarlton's Underwater World.

Arbeid