mini|Illustrasjon av ulike jartegn frå Nürnbergkrøniken (1493) Jartegn eller omen er eit særskild merke eller varsel som kan danna prov eller førebod.
Ordet jartegn (norrønt jartegn) er avleidd frå *jarknteign, frå gotisk airkns: 'ærke', 'ekte'.
I gamal tid kunne jartegn òg vere eit slags legitimasjonsteikn, til dømes noko ein person fekk med seg for å vise at han var den han gav seg ut for å vere, og hadde det oppdrag han påstod å ha. I Soga om Olav den heilage heiter det til dømes: «Men dette fingergullet skal du gje Ragnvald jarl, og desse jartegnene vil han nok kjenne».Sturlason, S., «Soga om Olav den heilage». I Kongesoger, Det norske samlaget, 4. utg. 2. oppl. 1994. 69. s. 254.
I allmenn forstand er fenomenet ofte tolka som eit illevarslande, negativt eller skjebnesvangert varsel. Med andre ord kan «jartegn» òg brukast om teikn (fortrinnsvis i naturen) der overeinsstemming mellom signifikant og signifikat ikkje er vilkårleg eller tilfeldig.
I moderne tolkingslære, semiologi og semiotikk, i arven etter Ferdinand de Saussure, vert det som regel slege fast at jartegn ikkje finst i røynda, og at tilhøvet mellom signifikant og signifikat avheng av sosiale kontraktar. Trua på jartegn er eit kjenneteikn på ei magisk røyndomsoppfatning.
Døme på jartegn
At ein edderkopp kryssar vegen for ein. Ein svart katt kryssar vegen for ein. Å finna ein firkløver.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jærtegn» frå , den 30. oktober 2018.
Kategori:Folketru Kategori:Spådom