Gone from Danger er eit studioalbum frå 1997 av Joan Baez. I staden for å skrive songar sjølv, valde ho ut songar av yngre vise- og rockeartistar. Ho tok med Dar Williams sin «If I Wrote You», Richard Shindell sin «Reunion Hill» og Betty Elders sin «Crack in the Mirror», i tillegg til to songar av Sinéad Lohan. Då albumet kom ut innrømde Baez at ho ikkje lenger klarte å skrive songar sjølv, og kjende seg meir komfortabel med å gå attende til den opphavlege rolla si, som ein tolkar av andre sine songar. På eit spor er ho likevel omtalt som låtskrivar, «Lily» (om ei barndomsveninne), som var eit dikt skriven av Baez med musikk av Kenny Greenberg og Wally Wilson.
I tillegg til at ho hjelpte dei unge låtskrivarane med å spele inn songane deira, tok Baez med seg to av dei, Shindell og Williams, på turneen etter albumet.
Ei avgrensa utgåve av albumet kom berre ut i Borders-bokhandlarar i USA, og inkluderte ein bonus-CD med to songar: Betty Elders sin «Long Bed from Kenya» og ein duett med Dar Williams på Paul Simon sin «Dangling Conversation», som begge var konsertopptak frå Newport Folk Festival i 1997.
Ei «samlarutgåve» kom ut i 2009 med det originale albumet og ein ekstra CD med 11 konsertopptak frå Mountain Stage i august 1997. Åtte av songane var opphavleg frå Gone From Danger.
Innhald
Medverkande Joan Baez - vokal, gitar, perkusjon Richard Bennett - bazouki, akustisk gitar, elektrisk gitar Dennis Bernside - klaverinstrument Jim Collins - korvokal Steve Conn - trekkspel Chad Cromwell - trommer, perkusjon Eric Darken - perkusjon Dan Dugmore - resonatorgitar, akustisk gitar, elektrisk gitar, lapsteelgitar, pedalsteelgitar Betty Elders - gitar, vokal Kenny Greenberg - resonatorgitar, akustisk gitar, elektrisk gitar, perkusjon Jim Hoke - saksofon Marabeth Jordan - korvokal Tim Lauer - harmonium, klaverinstrument Allison Moorer - korvokal Greg Morrow - trommer, perkusjon Steve Nathan - klaverinstrument Michael Rhodes - bass Sharon Rice - korvokal Matt Rollings - klaverinstrument Joe Spivey - fele, mandolin Willie Weeks - bass Dar Williams - gitar, korvokal Wally Wilson - piano, perkusjon Curtis Young - korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gone from Danger» frå , den 2. november 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1997 Kategori:Joan Baez-album