«As I Went Out One Morning» er ein song skriven av Bob Dylan frå 1967 på albumet hans John Wesley Harding. Han har berre framført songen ein gong på konsert, tidleg på Bob Dylan and The Band-turneen i 1974.
Teksten til «As I Went Out One Morning» fortel om ein mann som tilbyr ei hand til ei kvinne i lenkjer, men forstår at ho vil han meir enn han kan tilby, og at ho «er meint å skade han». Ein person kalla Tom Paine dukkar så opp og kommanderer ho til å gje seg, og unnskyldar seg til forteljaren for handlingane til kvinna. Tom Paine som figur kan representere sunn fornuft eller borgarrettar, som den historiske Tom eller Thomas Paine kjempa for. Det kan òg hende at songen refererer til den prestisjefylte Tom Paine-prisen som Dylan fekk i 1963 frå National Emergency Civil Liberties Committee. Dylan leverte ein takketale der han vart bua av scenen etter han hevda at han hadde noko empati med kjenslene til Lee Harvey Oswald. Songen minnar om W.H. Auden-diktet «As I Walked Out One Evening», også ved å ha den same jambiske takten og firelinja verseforma.
Andre versjonar Rainbow Press: Sunday Funnies (1969) Det sørafrikanske bandet Tribe after Tribe gav ut songen med tittelen «Damsel» i 1985 Dr. Robert: Other Folk (1997) Stan Ridgway: Black Diamond (1995) Mira Billotte: I'm Not There (filmmusikkalbum) (2007) Why?: Unusual Animals Vol. 4 (2008) Wovenhand: Tiny Desk Concert (NPR) (2008) Dirty Projectors: Bitte Orca (Expanded Edition) (2010) Jason Simon: S/T (2010) Thea Gilmore spelte heile John Wesley Harding-albumet i 2010
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «As I Went Out One Morning» frå , den 9. november 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Teksten på BobDylan.com
Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Songar produserte av Bob Johnston Kategori:Stan Ridgway-songar