Afrikadronningen (originaltittel: The African Queen) er ein britisk-amerikansk spelefilm frå 1951 regissert av John Huston. Humphrey Bogart fekk Oscar for beste mannlege hovudrolle for filmen.
Handling mini|venstre|Humphrey Bogart mini|venstre|Katharine Hepburn
Handlinga går føre seg i Tysk Austafrika der Rose Sayer (Katharine Hepburn) og bror hennar er misjonærar ved utbrotet av fyrste verdskrigen. Den gin-elskande Charlie Allnut (Bogart) og den slitne vesle dampbåten hans «African Queen» trafikkerer langs elva stasjonen ligg ved, og er einaste samband til omverda. Tyske styrkar går til åtak og øydelegg misjonsstasjonen i ein straffeaksjon. Bror til Rose makter ikkje situasjonen og døyr kort tid etter, forvirra, av feber. Rose flyktar med Charlie på båten hans. På ferda nedover elven overtaler ho Charlie til å gå til åtaka på ein tysk kanonbåt som herskar over innsjøen som elva munnar ut i, og senka det med sjølvlaga torpedoar.
Ferda nedover elven utgjer ein stor del av filmen, og dei to ulike karakterane forelskar seg i kvarandre. Etter nokre vendigar klarer dei å øydeleggja kanonbåten, men mister «African Queen». I siste scene sym dei over innsjøen mot tryggleik i form av breidda som høyrer til Belgisk Kongo.
Skodespelarar Humphrey Bogart som Charlie Allnut Katharine Hepburn som Rose Sayer Robert Morley som Rev. Samuel Sayer Peter Bull som kaptein på Louisa Theodore Bikel som 1. offiser Walter Gotell som 2. offiser Peter Swanwick som 1. offiser frå Shona Richard Marner som 2. offiser frå Shona
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Afrikadronningen» frå , den 13. november 2018.
Kategori:Britiske filmar Kategori:Filmar frå 1951 Kategori:Engelskspråklege filmar Kategori:Swahilispråklege filmar