«Shelter from the Storm» er ein song av Bob Dylan, spelt inn 17. september 1974, og gjeve ut på det 15. studioalbumet hans Blood on the Tracks i 1975.

Det første opptaket av songen, frå den same innspelingsdagen som resulterte i albumversjonen, kom ut på filmmusikkalbumet til Jerry Maguire i 1996. Det same opptaket vart òg gjeven ut på The Best of Bob Dylan året etter. Alle innspelingane av «Shelter from the Storm» kom ut i 2018 på luksusutgåva av The Bootleg Series Vol. 14: More Blood, More Tracks, og det andre opptaket vart òg gjeven ut på den enkle CD- og den doble vinylutgåva.

I lag med «Tangled Up in Blue», var «Shelter from the Storm» ein av to songar frå Blood on the Tracks som var med på samleplata The Essential Bob Dylan i 2000. «Shelter from the Storm» finst òg på to konsertalbum av Dylan — Hard Rain (frå ein konsert i mai 1976) og At Budokan (frå ei konsert i februar 1978).

I popkulturen I tillegg til Jerry Maguire vart «Shelter from the Storm» òg nytta i filmen Warm Bodies i 2013, og under rulleteksten til filmen St. Vincent i 2014 og i 2015 i filmen Steve Jobs.

Andre versjonar Jimmy Lafave spelte songen i 1992 på konsertalbumet Austin Skyline. Songen vart spelt av Manfred Mann's Earth Band i 1996 på albumet Soft Vengeance. Songen vart òg spelt inn av jazzsongaren Cassandra Wilson på Belly of the Sun i 2002. Soul Flower Union spelte inn songen i 2002 på albumet Love ± Zero. Rodney Crowell spelte inn songen med EmmyLou Harris i 2005 på albumet The Outsider. I 2006 spelte Steve Adey ein langsam versjon av songen og hamna på lista til The Times over dei beste songane frå 2006.Songs of the year - Times Online

Norske versjonar Håvard Rem skreiv ein norsk tekst til songen kalla «Æ ska gi dæ fred». Denne vart framført av Åge Aleksandersen på albumet Fredløs - Dylan på norsk i 1997.

Tom Roger Aadland skreiv ein nynorsk tekst til songen kalla «Til stormen dreg forbi» for albumet Blod i spora i 2009.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shelter from the Storm» frå , den 27. november 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Teksten

Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Songar produserte av Bob Dylan Kategori:Manfred Mann's Earth Band-songar Kategori:Tom Roger Aadland-songar Kategori:Åge Aleksandersen-songar