Robert «Robbie» Shakespeare () er ein jamaicansk bassgitarist og plateprodusent, mest kjend som eine halvdelen av rytmeseksjonen og produsentduoen innan reggae, Sly and Robbie. Han vart rekna som ein av dei viktigaste reggae-bassistane, og er kjend for sin kreative bruk av elektroniske effektar og produksjonseffektar.

Som ein del av Sly and Robbie har Shakespeare arbeidd med ei rekkje reggaeartistar som U-Roy, Peter Tosh, Bunny Wailer, Dennis Brown, Gregory Isaacs, Sugar Minott, Augustus Pablo, Yellowman og Black Uhuru. Som produsent har han òg arbeidd utafor reggae, for artistar som Mick Jagger, Bob Dylan, Jackson Browne, Cyndi Lauper, Joe Cocker, Yoko Ono, Serge Gainsbourg og Grace Jones. Før han slo seg saman med Dunbar var han medlem i studiogruppene The Revolutionaries og The Aggrovators.

Utvald diskografi

Sly and Robbie-album Rhythm Killers (1987) Friends (1998) Rhythm Doubles (2006) Dubrising (2014)

Andre album Serge Gainsbourg - Aux Armes et Caetera (1978) Grace Jones – Warm Leatherette (1980) Black Uhuru – Sinsemilla (1980) Black Uhuru – Red (1981) Grace Jones – Nightclubbing (1981) Black Uhuru – Chill Out (1982) Grace Jones – Living My Life (1982) Bob Dylan – Infidels (1983) Mick Jagger – She's the Boss (1985)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Robbie Shakespeare» frå , den 3. desember 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Jamaicanske reggaemusikarar Kategori:Jamaicanske bassistar Kategori:Jamaicanske plateprodusentar Kategori:Dub-musikarar Kategori:Musikarar frå Kingston på Jamaica Kategori:Jamaicanske studiomusikarar