mini|Førsteutgaven av Quodlibet i J.S. Bach sine Goldbergvariasjonar Quodlibet (frå latin quod libet, 'som ein liker') er ein musikalsk satstype der ein framfører fleire melodiar som opphavleg ikkje høyrer saman samtidig i kvar si stemme. Quodlibet er dermed ei form for polyfon sats og fritt kontrapunkt.
Fleire motettar frå 1200-talet syner quodlibet-liknande teknikkar. Handskriftet Codex Montpellier frå 1300-talet inneheld fleire quodlibet-liknande verk med kombinasjonar av ulike eksisterande melodiar. Den første fleirstemmige vokalkomposisjonen der det bevisst er brukt usamanhengjande tekst- og melodibrotstykke for å oppnå ein uhøgtideleg verknad er «Guter, selzamer, und künstlicher teutscher Gesang, sonderlich ettliche künstliche Quodlibet» frå 1544.Dolores Pesce: Beyond Glossing: The Old Made New in Mout me fu grief/Robin m'aime/Portare. I Dolores Pesce (red.): Hearing the Motet: Essays on the Motet of the Middle Ages and Renaissance. Stanford 1997, s. 28–51.
I renessansen og barokken var quodlibet ei populær underholdningsform. Det er kjent at medlemmar av familien Bach hadde for vane å improvisera quodlibetar når familien kom saman.
I Frankrike utvikla det seg ei sjølvstendig form for quodlibet under renessansen som blei kalla fricassée, og i Spania ei tilsvarande form med namnet ensalada.
Døme Den trettande variasjonen i J.S. Bach sine Goldbergvariasjonar J.S. Bach skreiv eit stykke til ei bryllupsfeiring som gjerne berre blir kalla Quodlibet, sjølv om det ikkje er ein quodlibet i eigentleg forstand, men ei rekkje musikalske vitsar, ordspel, obskure kulturelle referansar og parodiar på andre songar. Gallimathias musicum, ein quodlibet med 17 stemmer som Wolfgang Amadeus Mozart skreiv då han var ti år gammal. Nokre av messene til Jacob Obrecht inneheld kombinasjonar av ulike kjende melodiar og originalskrive materiale. Tre quodlibetar over O rosa bella av John Dunstaple er bevarte i Glogauer Liederbuch. Dunstaple har teke vare på den originale cantus og flettar inn byrjinga av ulike tyske folkesongar i tenoren. I den første quodlibeten siterer han heile 22 kjærleikssongar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Quodlibet» frå , den 6. desember 2018.
Rudolf Flotzinger: «Quodlibet» i Oesterreichisches Musiklexikon. Onlineutgaven, Wien 2002 ff., ISBN 3-7001-3077-5.
Referansar
Kategori:Kontrapunkt Kategori:Musikalske former