Peter Lykke-Seest () var ein norsk forfattar og filmskapar frå Oslo.
Lykke-Seest debuterte i 1896 med diktsamlinga Hvide nætter. Høgare nådde han som forteljar i Under paddehatten (1898), Moder maanes børn (1909) og Skogene brænder (1910), dei to siste med emne frå Mexico. I fleire romanar skildra han borgarlege Oslo-miljø, mellom anna i Det gjenfundne landet frå 1915 og i ein trilogi som kom ut i tida 1923-26; Huset i Gamlebyen, Ludvig Ludvigsen og En almindelig mands historie. Han skreiv elles noveller, skodespel, revyar, artiklar og reisebrev. I 1945 gav han ut Omkring Quisling-prosessen; iakttagelser og inntrykk.
Perioden 1916–19 regisserte Lykke-Seest åtte spelefilmar, alle basert på eigne manus. Samtlege var rekna for tapt, men i 1981 kom større delar av Historien om en gut (1919) for ein dag i Tsjekkoslovakia.
Kjelder Store norske leksikon
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske filmregissørar