mini|Akropolis i Aten sett frå Zevs-tempelet i søraust. Mange polis-byar hadde sin Akropolis

Antikkens Hellas eller den greske antikken er den perioden i gresk historie som femner mykje av Middelhavs- og Svartehavsbassenga og som varte i om lag tusen år, frå om lag år 1000 fvt. til kristendomen kom. Perioden blir av dei fleste historikarane sedd som grunnleggjarkulturen i den vestlege sivilisasjonen. Gresk kultur var ein stor innverknad på Romarriket, som bar ein versjon av han til mange delar av Europa.

Sivilisasjonen til dei gamle grekarane har hatt stor innverknad på språket, politikken, utdanningssystema, filosofien, vitskapen, kunsten og arkitekturen i den moderne verda, kveikte renessansen i Vest-Europa og kom opp att under ymse ny-klassiske periodar på 1700- og 1800-talet i Europa og Amerika.

«Den greske antikken» er termen bruka for å skildre den gresk-språklege verda i antikken. Termen refererer ikkje berre til den geografiske halvøya som er det moderne Hellas, men òg til område med hellensk kultur som vart folkesette i antikken av grekarar: Kypros og Egeear-øyane, kysten av Egearhavet kalla Anatolia (da kjend som Ionia), Sicilia og Sør-Italia (kjende som Stor-Hellas), og dei spreidde greske busettingane på kysten av Illyria, Thrakia, Egypt, Cyrenaica, Sør-Frankrike, aust og nordaust på den iberiske halvøya, Iberia og Taurica.

Bakgrunn I fleire hundreår rundt starten på vår tidsrekning var gresk og hellenistisk kultur den dominerande i det «siviliserte» Europa. Gresk kultur breidde seg frå grensene til persarriket i aust, rundt Svartehavet og Middelhavet og inn på den italienske halvøya, der ein liten bystat på nokre få tusen innbyggjarar skulle utvikle seg til å verte republikken Roma rundt 500 fvt. Der byrjar den historiske epoken vi i dag omtalar som Antikken, og den varer om lag fram til Vest-romarriket bryt saman i 476 evt. Heilt enkelt seier ein at Antikken er perioden mellom 500 fvt. og 500 evt.

Før polisstatane

Den mykenske høgkulturen mini|Løveporten i Mykene Epoka mellom 1600 og 1100 fvt. i gresk historie er oppkalla etter utgravingsstaden Mykene, der arkeologar første gong fann restar etter høgkulturane. Arkeologane går ut frå at byen vart grunnlagd av greske folkegrupper, men trur ikkje at namnet, Mykene, opphavleg er gresk og reknar det som ei arv grekarane tok frå den tidlegare folkesetnaden i området. Byen vart truleg tufta so tidleg som 1500 fvt.

Mykene var ein imponerande by, og byggverka viser at området har vore tilhaldsstad for ein særs utvikla palasskultur. Byggestilen til festningsverket som vart bygd i sentrum av byen ein gong på 1300-talet fvt. vart kalla kyklopisk av dei greske etterkommarane, av di dei meinte at berre kyklopar kunne bygge slike festningsverk.

Minnet om mykensk stordomstid overlevde gjennom dei mørke hundreåra i gresk historie, og ei romantisk framstilling av den mykenske perioden dannar grunnlaget for kjende greske episke dikt av, Iliaden og Odysseen av Homer.

Vi reknar med at greske folkegrupper innvandra til Hellas-området kring 1600 fvt. Grekarane sitt inntog markerte ei ny epoke i området, sidan dei utvikla ein imponerande bronsealder-sivilisasjon der, som ikkje gjekk under før i 1200–1100 fvt. Denne kulturen kan samanliknast med høgkulturane i Mesopotamia og Egypt, men vi veit lite sikkert om han sidan skriftspråket endå ikkje er tyda.

Det vi veit er at det var ein høgt utvikla kultur, med eit eige skriftspråk og (trass namnet vi har gjeve han) langt større utbreiing enn berre byen Mykene. Vi veit òg at kongar og andre former for nobilitetar vart gravlagde i store sirkulære gravkammer, tholosar, saman med gullmasker, sølv og til dømes dolkar eller andre former for militært utstyr, noko som tyder på at militære eigenskapar var viktige. Det er òg funne døme på mumifisering av døde.

På eit tidspunkt rundt 1100 fvt. braut den mykenske kulturen saman, og grekarane gjekk inn i den perioden som historikarane kallar dei mørke hundreåra i gresk historie. Årsaka til at dei vert kalla dei mørke hundreåra er at det ikkje finst nokon skriftkjelder frå perioden og at ein har færre arkeologiske funn frå perioden. Det einaste vi veit heilt sikkert er at folkesetnaden brått gjekk kraftig nedover.

Tidlegare har den rådande teorien vore at den mykenske kulturen gjekk under grunna ein invasjon av eit nytt gresk folkeslag, dorarane, men den teorien er no underlagt stor tvil. Ein ser mellom anna at egyptiske kjelder frå same tidsperiode nemner ei lang rekke uår der avlingane svikta, noko som førte til mellom anna krigar og folkevandringar. Det mykenske fallet fell òg saman med brå nedgang i ei rekke sivilisasjonar i Midtausten/Sør-Europa-området. Mange historikarar meiner at desse uåra stammar frå klimaendringar etter store vulkanutbrot, og at dei var den direkte årsaka til den mykenske undergangen. Den teorien passar òg saman med at store grupper av grekarar flytta ut til øyene i Egearhavet og kysten i Vesleasia for å dyrke nytt land.

Dei mørke hundreåra Perioden mellom om lag 1200 fvt. og 800 fvt. i gresk historie kjenner vi lite til. Vi veit at dei store mykenske palassa vart øydelagde (eller berre forlatne til forfall) og at skrivekunsten døydde ut. Utgravingar viser at potter og kar frå dei mørke hundreåra var enkle og praktiske, i motsetnad til dei mykenske pottefunna, som var kunstnarisk dekorerte. Dei same utgravingane viser at grekarane budde saman i langt mindre busetnader i denne perioden, samstundes som ein ikkje finn varer frå andre kulturar i busetnadane. Det tyder på at handelen og kontakta med kringliggande sivilisasjonar no var nede i eit minimum. Andre sivilisasjonar som har nemnt mykenarane i sine skriftkjelder slutta òg å nemne dei.

Vi veit at dei fleste greske områda i dei mørke hundreåra vart styrte av kongar, som mange stader seinare vart utbytta av eit aristokratisk styre. Samstundes vart det tradisjonelle indoeuropeiske kavaleriet bytta ut med infanteri, og jarnet vart teke i bruk. Desse punkta er truleg ein del av grunnlaget for at grekarane utvikla ein særs egalitær kultur i det dei gjekk saman i skilde polisstatar:

Jarnet var lettare tilgjengeleg og billegare å nytte enn bronse hadde vore tidlegare, medan bruken av infanterisoldatar gjorde at det ikkje berre var heste-eigande aristokratar (stormenn) som tok del i hærføringa. I ein kultur som la stor vekt på menn si evne til krigføring ser ein for seg at det her førte til ei mykje jamnare deling av makta; og når dei mørke hundreåra tek slutt rundt 800 fvt. ser ein utviklinga av demokratiet.

Historie

Den arkaiske perioden mini|høgre|Vase i raudfigur-stilen.

Ein kan rekna antikken for å ha byrja i samband med overgangen frå bronsealderen til jarnalderen i noverande Hellas rundt år 1000 fvt.Erik Østby. Ein kan også ta med den egeiske høgkulturen på Kreta og i Hellas i 2. tusenåret fvt.

Den arkaiske perioden i Hellas følgde «dei mørke hundreåra». Denne tida såg viktige utviklingar innan politisk filosofi, demokrati, filosofi, teater og poesi. Skriftspråket vart revitalisert etter å ha vore tapt under dei mørke hundreåra.

Innan pottemakarkunst utvikla ein den såkalla orientaliserande stilen, eit skifte frå den tidlegare geometriske stilen med linjer, siksakmønster, meanderband, sirklar og stiliserte figurar. Stilen hadde påverknader frå Egypt, Fønikia og Syria.

Keramikkstilar knytte til den siste delen av den arkaiske perioden er svartfigurkeramikken, som oppstod i Korint på 600-talet, og den seinare raudfigurstilen utvikla av Andokides-målaren rundt 530 f.Kr.

Apoikiai og Magna Graecia var koloniar til Hellas.

Dei olympiske leikane i 776 fvt. var dei første der ein kjenner namna på vinnarar.

Polisstatar mini|Kart over byar på Peloponnes Frå kring 800 fvt. har vi igjen gode funn og kjelder frå ein gresk kultur som er i framgang og vekst. Den nye greske sivilisasjonen var ikkje sentralstyrt, som den gamle høgkulturen, men delt inn i mange små, sjølvstyrte samfunn som voks opp kring det lokale forsvarsverket (borga), akropolis. Ordet akropolis tyder «byen på toppen», og kjem av at greske bønder i løpet av dei mørke hundreåra bygde små forsvarsverk på høgder i landskapen for å kunne rømme dit når framande hærar marsjerte over jorda deira.

Akropolis vart, etterkvart som den greske kulturen hevda seg igjen, ein viktig samlingsstad i polisstaten. Rett nedanfor akropolisen oppretta dei ofte små handelsstader eller marknader, agora, der varer vart bytta mellom bøndene og kanskje til og med med framandlandske handelsmenn. Byen vart med andre ord det militære og økonomiske maktsenteret i staten, trass i at det greske samfunnet framleis var eit agrart jordbrukssamfunn, og at makta hovudsakleg låg i henda på menn med store landeigedomar.

I heile det greske området reknar ein med at det fanst om lag 600 skilde polisstatar som ofte låg i konflikt med kvarandre om kvar grensene burde gå.

Maktfordelinga i dei tidlege polisstatane Opphavleg var dei greske polisstatane monarki, men sidan det var skrint jordbruksland i dei fleste polisstatane sat det jordeigande aristokratiet på hovuddelen av makta. Dei fungerte òg som ein krigarstand, sidan dei var dei einaste med ressursar nok til å halde seg sjølve med våpen. Aristokratane i kvar polisstat kjempa ein indre maktkamp mellom kvarandre om mest mogeleg jord (og på det viset; makt), og drap gjerne monarken (eller nokon andre) etter som det passa deira eigen veg mot meir jord og makt; for det var aristokratiet som var «staten». Småbønder var sjølvsagt dei som vart mest skadelidande av den aristokratiske jord- og makthungeren

Jarn var lettare å få tak i og billegare å utvinne enn bronse. Faktisk hadde bronse vore so dyrt og vanskeleg å utvinne at det var med på å halde ved like aristokratiet si makt, sidan dei var dei einaste som hadde nok ressursar til å skaffe seg bronsevåpen. Med jarnet utvikla grekarane rundt 600 fvt. hoplittane, nemleg bondesoldatar som gjekk til krig i tett formasjon, falanks. Dei bonde-dominerte hoplitt-hærane, saman med dei sterke jarnvåpna viste seg å vere den perfekte kombinasjon for å kunne slå alle små granne-sivilisasjonar — og bøndene fekk langt meir makt over hæren enn tidlegare. Makta i den greske sivilisasjonen bygde i stor grad på militær makt.

Jarnalderen kom til Søraust-Europa allereie rundt 1500 fvt. med hetittane, ei anna indoeuropeisk folkegruppe. Av di jarnet var so sterkt og lett å utvinne forsøkte hetittane å halde røyndomen bak framstilling av jarn hemmeleg, men i lengda var det sjølvsagt umogeleg.

Etterkvart hamna aristokratiet i konflikt med ei veksande form for handelsstand, som vart mektigare og mektigare di meir gresk handel og kultur blomstra (myntar vart innført i gresk kultur rundt 680 fvt.). Frå midt på 600-talet samla ofte handelsstanden og bøndene seg kring populistiske leiarar som vart kalla tyrannar; eineherskarar som skulle fordele jorda rettferdig mellom innbyggarane i staten. Ein tyrann skulle med andre ord få bruke den eineveldige makta si til å ta jorda frå aristokratiet og dele henne ut mellom borgarane i staten. I staden førte sjølvsagt tyrannane ofte same politikk som dei fleste eineveldige herskarar har gjort i historia, etter at dei kom til makta. Mange tyrannar misbrukte makta dei vart gjevne gjennom folkeopprør.

Det er verd å merke seg at tyranni ikkje hadde den same negative klangen i det gamle Hellas, som orda tyrann og diktator har i dag. Ein tyrann var ein suksessrik opprørsleiar, og oftast hadde han stønad frå ein stor del av folket (i alle fall i byrjinga).