Otún (Río Otún) er ei elv i Risaralda-departementet i Colombia. Vasskjelda er Otún-sjøen som ligg i eit krater av ein utdøydd vulkan innanfor Los Nevados nasjonalpark, sjøen er fødd av smeltevatn frå vulkanen Nevado Santa Isabel. Otún-elva munnar ut i Cauca. Før det passerer ho mellom byane Pereira og Dosquebradas, og der blir ho kryssa av ei av dei største skråkabelbruene i Sør-Amerika.
Otún-elva er den einaste drikkevasskjelda for kommunane Pereira og Dosquebradas. Det lokale vassverket tar ca. 1,8 kubikkmeter per sekund frå elva på eit område kjent som Nuevo Libaré. Jordbruksutviklinga med gris og kyllinggardar i regionen har påverka vasskvaliteten i elva. Dessutan er avlaupsvatn frå bustader monalege kjelder til bakteriologisk ureining.
Elva renn gjennom fleire verna soner, inkludert Otún Quimbaya Flora og Fauna Sanctuary.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Otún River» frå , den 9. januar 2019.
Følgjande kjelde var gjeve: Trejos Gómez et al. (2003), "Estrategias para disminuir la contaminacion por organismos bacterianos patogenos, en la fuente abastecedora de agua del acueducto de la ciudad de Pereira", Scientia et Technica, No. 23, 87-92.
kategori:Elvar i Colombia