Karl Wilhelm Friedrich von Schlegel () var ein tysk forfattar og filosof. Saman med broren August Wilhelm von Schlegel og Novalis (Friedrich von Hardenberg) var han frontfigur for Jena-romantikken.

Friedrich Schlegel var fødd i Hannover og studerte ei tid jus i Göttingen og i Leipzig. Ganske snøgt gjekk han over til å arbeide som frittståande forfattar og filosof. Særleg var han oppteken av litteraturen. Han er mest kjend for sine tankar om «progressiv universalpoesie» – om «Mischgedicht»et, som han også gjerne kalla det – ein slags altomfattande sjanger, som i seg sjølv var den einaste og beste leia mot å nå det evige i det flyktige. Det er denne indre trongen som knyter Schlegel til det romantiske kunst- og livssynet.

Romantikk er for Schlegel nærare bestemt kjernen i det, som skil seg frå det antikke, og det nyantikke; det klassisistiske og nyklassisistiske – ved ikkje å ha noko eintydig mål eller ideal. Eintydige mål og ideal er uvesentlege for Schlegel, for han er det det som stiler mot det ikkje-eksisterande, det umåtelege og mangleta, kunsten skal streve mot.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Friedrich Schlegel» frå , den 11. januar 2019.

Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyske filosofar