mini|Transfigurasjonen måla av Tizian, ca. 1560 Kristi forklaring, også kalla «Metamorfosen» og «Transfigurasjonen», er ein kristen festdag til minne om ei hending der «Læresveinane får sjå Jesu herlegdom», der Lukas-evangeliet fortel at «medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite.» Hendinga er skildra i alle dei synoptiske evangelia. Ifølgje bibelhistoria høyrer denne hendinga til før påskedag (jfr. Matteusevangeliet kap. 17).

portrett|mini|venstre|Ikon av transfigurasjonen av Theofanes grekaren frå 1400-talet.

Kristi forklaringsdag blir feira 6. august i mellom anna den katolske og den anglikanske kyrkja. I den norske kyrkja blir Kristi forklaringsdag idag feira siste sundagen før fastelavn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kristi forklaring» frå , den 21. januar 2019.

Kategori:Lukasevangeliet Kategori:Matteusevangeliet Kategori:Markusevangeliet Kategori:Jesus