Dag-Inge Ulstein () er ein norsk politikar og leiar for Kristeleg Folkeparti. Han var utviklingsminister i regjeringa Solberg frå 22. januar 2019 til 14. oktober 2021.
Liv og virke Ulstein kjem frå Sula, men har sin politiske karriere i Bergen. Her var han medlem av bystyret 2011–2019. Han var byråd for sosial, bustad og områdesatsing i Bergen 2013–2014 i byrådssamarbeid med Høgre og Framstegspartiet. I perioden mellom 2015 og 2018 var han finansbyråd i Bergen i byrådssamarbeid med Arbeidarpartiet og Venstre. Ulstein har ein bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi frå Universitetet i Bergen og ein bachelorgrad i teologi frå Norsk Lærerakademi. Han er utdanna familieterapeut og har arbeidd i stiftelsen Bergen diakonissehjem.
I debatten om vegvalet til Kristelig Folkeparti hausten 2018, stod Ulstein på den såkalla «raude» sida. Dette gjorde det overraskande at han vart utnemnd til statsråd i den utvida Solberg-regjeringa.
Den 22. august 2024 vart Ulstein fungerande leiar for Kristeleg Folkeparti, etter at den dåverande partileiaren, Bollestad, trekte seg. Han vart offisielt valt til leiar for partiet under eit ekstraordinært landsmøte den 25. januar 2025.
Ulstein har vore vokalist i den kristne popgruppa Elevate og i elektronikabandet Electric City.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske utviklingsministrar Kategori:KrF-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Byrådar i Bergen Kategori:KrF-politikarar i Hordaland Kategori:Lokalpolitikarar i Bergen