Luigi Rossi () var ein italiensk komponist under tidlegbarokken.

Rossi var fødd i Torremaggiore ved Foggia i Kongedømmet Napoli. Han studerte i Napoli under den kjende madrigalkomponisten Giovanni de Macque. Han verka som komponist, songar og luttspelar hjå Medici-fyrstane i Firenze og hjå Borghese-familien og kardinal Antonio Barberini i Roma. Frå 1633 og livet ut var hanorganist ved S. Luigi dei Francesi.

I 1632 skreiv han kantaten Lamento della Regina di Svetia etter at svenskekongen Gustav Adolfs døydde under slaget ved Lützen. Han skreiv også ein kantate då Karl I av England døydde.

I 1641 gjekk han i teneste hjå pave Urban VIII i Roma. Der blei hans første opera, Il palazzo d'Atlante incantato, oppført i 1642. Dei neste åra følgde fleire kantatar og oratorium. Rossi er rekna som ein meister av kantateforma. I alt skreiv han over 250 kantatar. Kammerkantatane hans er rekna som dei beste frå 1600-talet.

Det franske hoffet kalla Rossi til Paris i 1646. Der blei den andre og siste operaen hans, Orfeo, oppført året etter med den berømte kastratsongaren Atto Melani i hovudrolla. Oppføringa la grunnlaget for at at den italienske operaforma fekk fotfeste i Frankrike.

I ei kantatesamling frå 1646 blir Rossi presentert som musikar hjå kardinal Antonio Barberini. Giacomo Antonio Perti omtalte i 1688 dei tre komponistane Rossi, Giacomo Carissimi og Antonio Cesti som «dei tre største lysa i profesjonen vår».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Luigi Rossi» frå , den 4. februar 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Barokkomponistar Kategori:Italienske komponistar Kategori:Operakomponistar Kategori:Folk frå provinsen Foggia Kategori:Folk frå Kongedømet Napoli