Sesongen 1963 var den første sesongen etter den norske eliteserien vart endra til ti lag og kalla 1. divisjon. Brann vart seriemeistrar dette året, for andre året på rad, men det skulle ta 43 år til Brann tok gullet på ny, i 2006.
Brann deltok òg i Norgesmeisterskapen i fotball for menn 1963, men vart slått ut i fjerde runde.
Forsesongen Dette var den første fotballsesongen i Noreg som gjekk frå våren til hausten og Brann byrja utetreninga denne sesongen 8. januar på Brann Stadion, men is- og snø dekka banane i Bergensområdet.
Sesongbilettane i 1963 kosta 100 kr, som var dyrt for folk flest på denne tida. Tinginga måtte skje skriftleg. Kortet gav tilgjenge til dei ni heimekampane, og forkjøpsrett til privat- og cupkampar, i tillegg til eventuelle landskampar på Brann Stadion. Brann hadde selt 400 partoukort i 1962 og håpa å selje meir denne sesongen ved å tilby avbetaling på billettane. Med dette ønskte ein å kunne finansiere sitjetribune under tak på eine langsida av Brann Stadion.
Den første treningskampen til Brann gjekk mot eit samansett krinslag frå Rogaland på Figgjo i Stavanger, mellom anna med landslagskeeperen Olav Nilsen. Den faste keeperen Ivar Farestvedt og angrepsspelaren Roald «Kniksen» Jensen var begge skadde til kampen. Det var venta mykje publikum til kampen, men banen var dekt med is og snø, og banemannskapet kjempa hardt for å få banen spelbar. Halvparten av overskotet etter kampen gjekk til -spelaren Håkon Kindervaag, som måtte amputere eine foten. Kring tusen tilskodarar møtte opp. Brann vann kampen 5-1 etter å ha leia 4-0 til pause. Rolf Birger «Pesen» Pedersen scora tre mål, og Roald Jensen scora to. Jensen skal ha teke det forsiktig sidan han hadde vore skadd og det var tvilsamt om han skulle spele kampen i det heile. Kampen føregjekk på eit hardt islag, men Brann stilte i kortbukser og korterma skjorte, medan Rogalandslaget stilte i lange treningstøy i første omgangen. I andre omgangen kom òg Rogalandslaget ut på banen i korte drakter.
I mars kom Bjørn Odmar Andersen til klubben frå . Han avtente verneplikta si då og ønskte å gjere dette ved Haakonsvern, og samstundes spele for Brann.
Ein planlagd treningskamp mot Ørgryte i Gøteborg den 10. mars vart ikkje noko av, då reisa vart for dyr og Ørgryte ikkje kunne binde seg til ein returkamp i Bergen seinare på året. Heller ikkje ein potensiell treningskamp mot Aalborg i Danmark vart noko av. 31. mars var det planlagt ein treningskamp mot i Stavanger, men telen sat hardt i grasbanen, og reservebanen var dekt av is og snø. Viking meinte at dei ikkje kunne invitere Brann til å spele på grus og kampen vart avlyst. 2. april starta ei lynturnering for lag kring Bergen. Brann møtte i første runde og gjekk vidare på straffesparkkonkurranse (3-1) etter at kampen enda 0-0. Brann stilte med eit B-prega lag. Årstad burde derimot ha vunne etter å ha fått ei scoring annullert «ved en misforståelse mellom dommeren og linjemannen». Ballen hadde vore over mållinja, linjemannen såg det, men markerte det ikkje etter regelverket, som tredde i kraft akkurat den veka. Brann meinte i ettertid at Årstad burde få lov å gå vidare i cupen, men dette vart det ikkje teke omsyn til. Brann møtte då i neste kamp, men tapte denne 1-0. Varegg gjekk vidare og vann 6-4 mot i finalen av 1. avdeling.
Berre nokre dagar seinare spelte Brann den første kampen for sesongen på Brann Stadion føre 8 800 tilskodarar i ein treningskamp mot . Etter at Skeid hadde vore best i første omgangen, vann Brann 4-0 etter scoringar av mellom andre Kniksen og Pesen. Alt tirsdag 9. april spelte Brann mot . Etter at Bjørn Odmar Andersen scora i debutkampen sin, Brann leia 1-0 til pause og auka til 2-0 kort tid etter, enda kampen uavgjort 2-2. Etter påske vart det spelt treningskamp mot på Brann Stadion føre 11 500 tilskodarar. Kampen enda 0-0, men var prega av stygt spel og Roald «Kniksen» Jensen vart utvist tidleg i andre omgangen etter å ha blitt felt av Arild Gulden på veg fram i angrep og svara med å skubbe han overende. Bergens Tidene var ikkje nådig og skreiv: «Hvis man vil gjøre fotballen til en pøbelsport, er det bare å fortsette på den galei man har slått inn på...I går hadde man bare en ekkel følelse av at det var amatører som var ute og lekte barskinger. Det var smågutter som skrev stygge ord på veggen og mente de var noe til karer. Og så var det tvert om bare latterlige.» Berre ei veke seinare spelte Brann mot Lyn att på Ullevaal Stadion i siste treningskampen før sesongen starta. Dei tapte då 2-0 etter to seine Lyn-scoringar.
Sesongen
Vårsesongen Brann opna sesongen borte mot nyopprykka , som spelte i 1. divisjon for første gongen. Sidan dei møtte serievinnarane frå året før, møtte over ti tusen tilskodarar opp for å sjå kampen som Gjøvik-Lyn vann 2-0. Dette var tredje kampen til Brann på rad utan scoring. Roald «Kniksen» Jensen vart passa ekstra godt på av venstrevingen til Gjøvik-Lyn, Knut Solbrækken, eller «Kniksen med frakk», som Bergens Tidene skreiv. Han fekk derfor ikkje utretta stort i kampen.
I den første heimekampen for året gjekk det derimot særs mykje betre for Brann, som slo heile 8-1. Det var mykje snakk om taktikk før kampen og om Frigg kom til å markere ut Roald «Kniksen» Jensen slik Gjøvik-Lyn hadde klart i den første kampen. Anders Svela fekk i oppgåve å punktmarkere Jensen, men fekk etter kort tid magekrampe slik at han måtte bytast ut alt etter ti minutt med Tore Børrehaug, som ikkje hadde suksess med markeringsoppgåva si. Børrehaug vart springande mykje mellom og Brann-åtaket fekk mykje rom og tok ein storsiger føre 17 000 tilskodarar med tre mål av Kniksen før pause.
Den tredje runden vart spelt borte mot fredag 11. mai. Kampen kom i gang i flotte sommartemperaturar og etter 2-0 til Lyn og ei redusering til 2-1 av Brann tidleg i første omgang, vart kampen avbroten av dommaren etter berre 20 minutt på grunn av eit kraftig torevêr og eit skybrot som dekka heile banen med vatn. Det var snakk om å spele omkampen alt dagen etter, men sidan alle spelarane på denne tida var amatørar, kunne ikkje Brann stille med det beste laget sitt då fleire av spelarane måtte heim og på jobb dagen etter. Kampen vart derfor utsett til 30. mai, då resultatet vart det same som då den første kampen vart avbroten, 2-1 til Skeid.
Den fjerde runden vart spelt på Brann stadion mot . Bergenspressa hadde håp om ei gjentaking av kampen mot Frigg, sidan Fredrikstad hadde hatt ein ganske dårleg start på sesongen. Føre over 20 000 tilskodarar tok derimot Fredrikstad kommandoen og gjekk opp i 1-0 leiing like før pause med Per Kristoffersen. Dei dominerte òg det meste av andreomgangen før Rolf Birger Pedersen sprang med ballen over heile banen og aleine med keeper sette ballen i mål til utlikning for Brann, ti minuttar før slutt. Det var stor semje blant publikum om at Brann hadde vore heldige og Bergens Tidende skreiv: «I den halvtimen av andre omgang da Fredrikstad herjet som verst med dem, kunne man registrere et merkelig biologisk fenomen. Samtidig som Brann-spillerne fløy omkring som forskremte høns, stakk de billedlig hodet i sanden som strutser og håpet at faren skulle gli over. Skjønt sand og sand - det var i en bløt gjørme de søkte tilflukt». Det hadde regna mykje i tida før kampen.
Bortekampen mot i femte runden 22. mai stod i fare for å bli utsett på grunn av store nedbørsmengder i dagane før og ein bane som var så blaut at det ikkje var mogeleg å få banen oppmerkt. Kampen vart spelt og enda 1-1 etter at Viking hadde teke leiinga tidleg i 2. omgang. Brann hadde dominert første omgangen og burde ha leia. Den neste heimekampen enda særs dårleg for Brann. Dei møtte som då låg på andreplassen i serien og tapte heile 6-0. Ein tredjedel av serien var då spelt, Brann hadde berre teke fire poeng og låg tredje sist på tabellen, seks poeng bak Lyn som leia serien (hugs det var to poeng per seier på den tida).
4. juni 1963 var det landskamp på Brann Stadion mellom Noreg og Skottland. Noreg vann kampen overraskande 4-3 føre 17 000 tilskodarar.
Etter den dårlege perioden til Brann i mai var det klart at noko måtte gjerast. Trenar Oddvar Hansen sette derfor inn to debutantar på laget som skulle møte den 9. juni, nemleg Tore Nortvedt og Torgeir Hauge. Dette såg ut til å gjere godt, for Brann vann kampen 3-0. Kampen vart spelt i nydeleg sommarvêr og rett etter kampen vart Brannspelarane - framleis i Branndraktene - køyrde rett til badestranda. Framgangen heldt fram mot på heimebane 16. juni, då Brann vann heile 7-1, med to mål kvar av Rolf Birger Pedersen og Roald «Kniksen» Jensen og eit kvar av nykomaren Torgeir Hauge, Roald Paulsen og Bjørn Odmar Andersen. Bergens Tidende var likevel ikkje særleg imponert og skreiv mellom anna: «Ingen skal tro at det var et wonderteam som lekte seg til seieren. Det var nok atskillig å ergre seg over - for mye vil som kjent ha mer.» Framgangen heldt fram med bortesiger 4-2 mot 24. juni på Bislett stadion.
I juni spelte 'Brann òg to cupkampar. I 1. runde slo dei 7-0 på Krohnsminde og i 2. runde heile 9-0 på Brann Stadion, der Kniksen scora fem av måla.
Sommarpause Etter kampen mot Vålerengen var det sommarpause. Denne brukte Brann med å spele ein kamp i Djervs jublieumsturnering, i høvet 50 årsjubileet til klubben. Dei møtte Os på Brann stadion 27. juni og vann 3-1. Veka etter spelte Brann treningskamp på stadion mot danske Sydjyske Fodbold Alliance og vann 4-0. Berre to dagar seinare, 5. juli, spelte Brann mot på Brann stadion i Tranes jubileumsturnering. Brann vann kampen 2-1 med eit reserveprega lag. Tidleg i juli drog Brann to veker på treningsleir i Etne. Det var opphavleg meininga at dei skulle fokusere på trening, men enda opp med å spele fem treningskampar mot Åkra, Etne, Odda, Halsnøy og eit krinslag frå Sunnhordland. Mot Halsnøy vann dei heile 17-0.
I sommarpausen byrja òg ei utbygging av Brann stadion, då det vart bygd ståtribune i den søraustre svingen, der det tidlegare berre hadde vore ein skråning. Det vart òg planlagd for ein sitjetribune som skulle stå ferdig til våren 1964.
Haustsesongen
Brann starta haustsesongen med heimekamp mot Gjøvik-Lyn 28. juli. Etter tap i vårkampen fekk Brann revansje med ein 3-1 siger i ein noko amper kamp.
I mars hadde Brann fått tilbod om å spele treningskamp mot nederlandske DOS frå Utrecht i august. DOS var då trent av Willy Kment som hadde vore norsk landslagstrenar fram til 1962. Dette vart stadfesta tidleg i juli. Dette vart sidan stadfesta og datoen for privatkampen vart sett til 2. august. Den nederlandske landslagsspelaren van der Linden spelte mellom anna på dette laget. To dagar før møtte dei Vålerengen og slo dei 7-2. Føre 8 000 tilskodarar vann nederlendarane 3-1.
Den første bortekampen denne hausten gjekk mot Frigg, som Brann hadde knust 8-1 på våren. Frigg fekk derimot revansje og vann 4-3 etter at Brann hadde leia kampen to gonger. Sigersmålet skal ha vore av tvilsam art då Steinar Johannesen på Frigg skaut ballen i underkanten av tverrliggaren og ned føre mållinja. Dommaren dømde ballen i mål. Brann drog så til for den tredje runden i cupen og gjekk vidare med 2-1 etter å ha hamna under etter berre to minuttars spel.
Brann låg no på fjerdeplassen og skulle møte Skeid heime. Bergenspressa var framleis oppteken av at Brann ikkje måtte unngå nedrykk, for det var ikkje mange poeng ned til nedrykksplassen. Brann vann heimekampen 2-1 etter at Skeid hadde spelt heile andreomgangen med ein mann mindre etter å ha gjort alle byta sine og Jan Gulbrandsen måtte ut med strekk. Dei klatra då til tredjeplassen, tre poeng bak Lyn på første. Brann drog så til Fredrikstad der dei etter scoring tre minuttar ut i kampen berre klarte 1-1. Kniksen scora begge måla til Brann i heimesigeren mot Viking 24. august, der dei vann 2-1. Dette var den 200. kampen til Rolf Birger Pedersen for Brann.