Raymond Colin Wilkins () var ein britisk-engelsk fotballspelar. Midtbanespelaren var opphavleg Chelsea-spelar, men klubbsuksess opplevde han einast med Manchester United og skotske Rangers FC. Med det engelske landslaget var han to gongar med om å vinne den britiske landslagsmeisterskapen.

Klubbspel Wilkins fekk sin ligadebut med Chelsea FC i oktober 1973. Etter at klubben i 1975 rykte ned frå 1. divisjon, vart Wilkins, enno ikkje 19 år gammal, vald til kaptein av den nye lagsjefen. Wilkins leia laget til opprykk i 1977. Etter nytt nedrykk i 1979 vart han overført til Manchester United mot £825 000. Med United vann han FA-cupen 1983, der han i den fyrste finalekampen mot Brighton, som enda 2-2, skåra på eit langskot. Sommaren 1984 la AC Milan £1.5 millionar på bordet, og Wilkins tok turen til Italia. Etter eit par gode sesongar fekk han lite speletid i 1987, og bytta over til franske Paris Saint-Germain. Her gjekk han inn og ut av fyrsteellevaren, så i november same året signerte han for Rangers FC i Skottland. Den 23. oktober 1988 var han med då Rangers vann 3-2 mot Aberdeen FC i ligacupfinalen, medan han våren 1989 kunne ta del i feiringa av ein skotsk ligatriumf. Frå november 1989 til 1997 var han i fleire sesongar aktiv i Queens Park Rangers, og elles innom fem andre klubbar. I alt var Wilkins aktiv i 11 ulike fotballklubbar.

Landslagsspel Wilkins spelte 84 landskampar på Englands landslag frå debuten våren 1976 til avskjeden i november 1986. Både i mai 1978 og våren 1982 spelte han alle tre kampane då England vart britisk landslagsmeister. Han deltok både i Fotball-EM 1980 og i verdsmeisterskapane i 1982 og 1986. Under EM i fotball 1980 skåra han Englands mål i opningskampen mot Belgia, ein kamp som enda 1-1. Wilkins skåra berre tre mål på landslaget, Han var kaptein i 10 kampar.

Merittar Vinnar av FA-cupen: 1983 med Manchester United Skotsk ligacupvinnar: 1988 med Rangers FC Skotsk ligameister: 1989 Rangers FC Britisk meister: 1978 og 1982 for England

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ray Wilkins» frå , den 25. februar 2019.

eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Queens Park Rangers-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Rangers-spelarar Kategori:Hibernian-spelarar Kategori:Paris Saint-Germain-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986