Deltarune er eit datarollespel utvikla av Toby Fox. I spelet kontrollerer spelaren eit menneske, Kris, i ei verd der monster lever på overflata av jorda. Kris og ein klassekamerat, Susie, ender begge opp i ein stad kjend som «Dark World» der dei møter Ralsei, som informerer dei om at dei er heltar som er meint å bøte balansen i verda.

Spelaren navigerer, i hovudsak via kampsystemet, gjennom forskjellige typar «bullet hell»-åtak frå fiendar. Kampane i spelet kan avgjerast fredeleg eller gjennom vald. Første kapittel vart utgjeve gratis 31. oktober 2018 til Microsoft Windows og macOS, og den 28. februar 2019 til Nintendo Switch og PlayStation 4. Grafikken i spelet har fellestrekk med japanske rollespel som Earthbound, Mario & Luigi: Superstar Saga og Chrono Trigger.

Deltarune er ein spin-off av det førre spelet til Toby Fox, Undertale (som Deltarune er eit anagram av), men handlinga går ikkje føre seg i den same verda ifølgje Fox. Andre kapittel vart utgjeve i september 2021.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Dataspel frå 2018 Kategori:Datarollespel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Windows-spel