666 (seks hundre og sekstiseks) er det naturlege talet som kjem etter og før .
I matematikk 666 er eit overskotstal. Det er summen av kvadratet av dei sju første primtala. Romertalrepresentasjonen av talet 666 (DCLXVI) bruker ett av kvar av dei romerske siffera med verdi under 1000 (D = 500, C = 100, L = 50, X = 10, V = 5, I = 1).
Anna 666 er kjent som Dyrets tal i kristen mytologi, henta frå det apokalyptiske skriftet Johannes' openberring (Op. 13,18). Det er forsøkt forklåra på ulike måtar. Ei forklåring har bakgrunn i jødisk numerologi. Når dei hebraiske bokstavane vert brukte som tal, vil summen av talverdiane i namnet QSR NRWN (på gresk omskrive til kaisar Neron) vere: Q (= 100) + S (= 60) + R (= 200) + N (= 50) + R (= 200) + W (= 6) + N (= 50), ialt 666J. R. Porter: Illustrert nøkkel til Bibelen, Grøndahl Dreyer 1996 ISBN 82-504-2321-6 .
Kjelder
*666