Sugar Mountain – Live at Canterbury House 1968 er eit konsertalbum av den kanadiske musikaren Neil Young. Den 8. til 10. november 1968 spelte Young tre konsertar i Canterbury House i Ann Arbor. Dette albumet består av opptak frå den 9. og 10. november.

Albumet er volum 00 i Archives Performance Series. Sidan volum 2 og 3 alt var blitt gjeven ut, var dette den tredje utgjevinga i serien. Det kom òg ut som ein del av The Archives Vol. 1 1963–1972 i 2009.

Albumet kom berre ut på ei CD/DVD-samling, med ein DVD som inneheldt ein HD-lydversjon av albumet. DVD-en inneheld òg ein trailer Archives Vol. 1-boksen.

Innspelinga av songen «Sugar Mountain» frå denne konserten var tidlegare gjeven ut som B-side og på samlealbumet Decade i 1977.

Ei vinylutgåve av albumet kom ut i Japan i april 2009.

Fotografiet på omslaget er teken i 1967 av Linda Eastman, som seinare gifta seg med Paul McCartney.

Innhald

Salslister År Liste Plassering 2009 ARIA Den australske albumlista #93

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sugar Mountain – Live at Canterbury House 1968» frå , den 18. mars 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konsertalbum av Neil Young Kategori:Konsertalbum frå 2008 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Reprise Records-album