mini|Sandbakkels eller sandbakelse. Bakkels (frå mellomnedertysk backels, 'det som blir bakt på ein gong') er eit gammalt ord for mindre bakverk som kan vera kokte i smult. Det finst i namnet til fleire kaketypar, som bordstabelbakkels, fattigmannsbakkels, hjortebakkels, rosettbakkels, sandbakkels og vassbakkels.
Bakels, bakkels, bakelse eller bakkelse har i nordisk samanheng tradisjonelt vist til små bakverk. Ordet kan visa til ein type kake bakt frå gammalt av i ulike delar av Noreg til høgtider og festar. Dei var laga av mjøl, sukker, egg, fløyte og vatn og ofte steikte i særskilde jarn med fint mønster som kunne omfatta namn og årstal. Denne kaketypen er også kjend som jønnbrød, avletter og anna.
Andre typar er fattigmannsbakkels, ein frityrkokt bakkels laga av tynt kjevla og forma deig (sjå fattigmann), hjortebakkels, ei tradisjonell norsk form for smultringar laga med hornsalt (sjå hjortetakk), sandbakkels, eit anna namn på sandkake, laga med mjøl, smør, sukker, egg, mandlar og bakepulver, og vassbakkels, ein type bakkels laga med mjøl, smør, egg og vatn og ofte fylte med krem.
Sjå òg Bakelse Rognbakels
Kjelder
Kategori:Bakverk