Carl Hjalmar Borgstrøm () var ein norsk språkforskar og professor i samanliknande språkforsking ved Universitetet i Oslo 1947–1986.
Carl Borgstrøm var son av komponisten Hjalmar Borgstrøm og Harriet Amalie Müller. Han vart student i 1928, studerte samanliknande indoeuropeisk språkvitskap, indisk og keltisk ved Universitetet i Oslo, og vart mag. art. i 1936. Frå 1932 til 1935 var han forelesar i samanliknande filologi ved Trinity College i Dublin. Frå 1936 til 1937 var han vikarierande professor i indisk ved Universitetet i Ankara. Han var lektor i språkvitskap ved Universitetet i Lund frå 1945, og professor i samanliknande språkforsking ved Universitetet i Oslo frå 1947.
Borgstraum utgav mellom anna boka Innføring i sprogvidenskap (1958).
Kjelder
Norges filologer og realister. Stavanger, 1950.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske språkforskarar