Borgundtunnelen er ein tunnel på europaveg 16 i Lærdal kommune. Tunnelen er 3053 meter lang og går mellom Øygard og Lo i Borgund forbi Vindhella.

Det første påhogget til tunnelen ved Øygard vart gjort i 2001, i samband med bygginga av Øygardsbrui (74 meter), som leiar rett inn i tunnelen. Då brua var ferdig, heldt bygginga av tunnelen fram i september 2002, gjennomslaget var i juni 2003 og tunnelen vart opna 6. juli 2004. Den erstatta eit smalt og svinga veiparti i Lærdalen. Saman med Seltatunnelen (opna 2003) korta Borgundtunnelen inn vegen med 5 km.

Sjå òg

Tuftåstunnelen

Referansar

Bakgrunnsstoff

Statens vegvesen: Borgundstunnelen på E16 gjennom Lærdal er opna (7. juli 2004) Statens vegvesen: E16 Borgundstunnelen opnar 6. juli (1. juli 2004) Teknisk Ukeblad: Kortere vei i Lærdal (nr. 17, 11. juni 2004, s. 31)

Kategori:2004 i Noreg Kategori:Vegar i Lærdal Kategori:7°E Kategori:61°N Kategori:Sider utan gjennomgåtte omsetjingar