Espen Dahlhaug Bjørnstad () er ein norsk kombinertrennar frå Trondheim, medlem i Byaasen Skiklub. Han vann VM-gull i lagtevlinga under Ski-VM 2019.

Bjørnstad fekk sitt gjennombrot i 2019-sesongen med ein andre og ein tredjeplass i verdscuprenn i kombinert. Under verdsmeisterskapen 2019 i Seefeld in Tirol gjekk han inn til sjetteplassen i tevlinga med hopping i normalbakken, før han saman med Jan Schmid, Jørgen Graabak og Jarl Magnus Riiber vart verdsmeister i lagtevlinga.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Espen Bjørnstad» frå , den 31. mars 2019.

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2019 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2021 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2025 Kategori:Folk frå Trondheim