Inside Out er det sjuande studioalbumet til den britiske visesongaren John Martyn, gjeve ut i oktober 1973.

Albumet vart spelt inn og miksa i London i juli 1973 og var kanskje hans mest eksperimentelle og jazzprega. Opptaka vart gjort i løpet av få dagar, stort sett op natta. Det meste vart spelt inn live, utan redigering anna enn uttoning der det høvde seg.Notat i plateomslaget Martyn har med seg Steve Winwood og Chris Wood frå Traffic, og den faste bassisten Danny Thompson på albumet. Mange av songane er dominert av Echoplex-effekten.

Albumet inneheld to favorittar blant fansen, «Fine Lines» og «Make No Mistake», i tillegg til to songar han ofte spelte på konsertane sine, «Outside In» og «Look In». Songen «Make No Mistake» har ein referanse til John Coltrane sin «A Love Supreme».

Ein 18 minuttar lang konsertversjon av «Outside In» finst på konsertalbumet Live at Leeds.

Innhald

Medverkande John Martyn - vokal, gitar Danny Thompson - bass, kontrabass Chris Stewart - bass Steve Winwood - bass, klaverinstrument Chris Wood - fløyte, blåsarar Remi Kabaka - perkusjon Keshav Sathe - tabla Bobby Keyes - saksofon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Inside Out (John Martyn album)» frå , den 8. april 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:John Martyn-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Island Records-album